Detaljar om DFØ-migrasjonen for Cerebrum

Møte med IPAS for å få detaljar om kva som skjer framover, for å kunne detaljplanlegge migrasjonen for Cerebrum.

Tilstades

  • Anders Lefébure-Henriksen
  • Sindre Aalen
  • Joakim Hovlandsvåg (ref)

Referat

Noko av kva vi lurer på:

  • Når vert DFØ SAP tilgjengeleg for oss, i prod?
  • Kva er tidspunkta framover?
  • Kva data vil bli registrert når?
  • Når kjem den store "IAM-testen" før overgangen?

Status på Cerebrum-integrasjonen

Gjenstår noko arbeid (EPIC CRB-3135), samt OrgReg-integrasjon og alt det praktiske rundt migrasjonen inkluder forberedingar.

Kommentar om at vi bør ikkje anta noko som helst. Alle detaljar bør avklarast. IPAS anbefaler oss difor å skrive ned alt vi er usikre på, eller har antatt, og ta opp med DFØ. Elles kan det bli turbulent i migrasjonen.

Tidsplan

Mars: Nytt testmiljø

Vi får ny SAP-instans dedikert for UiO si testing. Fiktiv virksomhet "9902". Inneheld same syntetiske testdata som dagens 9901, men med mindre støy og rare registreringar. Er meint å berre innehalde data basert på riktige rutiner.

Vi får den tentativt første veke i mars.

Er tomt, men med UiO sin orgstruktur. Planen er å fylle inn med meir reelle data - betre datakvalitet og mindre rare registreringar. Vi har mulighet for å legge inn våre data ved behov. Ta kontakt med Tone Morken, som leder det arbeidet.

Merk at API og meldingar er ein eigen sak, så kan ta lenger tid før vi kan bruke det. IPAS sikrer at det kjem opp.

IAM-testen

IPAS har ikkje planlagt dette endå, men det starter etter at vi har fått 9902-firmaet. IPAS kjem også til å køyre testing når vi har fått prodmiljøet. Dei kjem tilbake til oss med meir detaljar seinare.

Cerebrum må difor forberede seg på testing av IAM-funksjonalitet ut i mars.

Det er ok for IPAS å gjenbruke det eksisterande miljøet, Cerebrum-preprod, men det må tømmast for data.

April: Produksjonsmiljø

Produksjon kjem opp ein gang i april. Truleg andre veka i april.

Miljøet kjem opp ferdig utfyld med alle personar, basert på lister frå BOTT ØL UiO mottak. UiO får tilgang etterpå, når alle partar har verifisert at dataene er ok. Etterpå køyrer dei ekstra innlesing av blant anna e-postadresser.

Merk at det vil komme ein god del endringar i sap prod etter at vi får tligang. Til dømes ny funksjonalitet. ToA vert blant anna ikkje ferdig, så mange vert etterregistrert. IPAS forutsetter likevel at meldingar skal fungere for alt som skjer.

Tips etter erfaringar frå UiB

Sindre anbefaler oss å høyre med Gisle, sidan han kjenner detaljane, men oppsummert:

  • Før vi starter import frå SAP prod: Køyr ei testinnlesing mot testmiljø for å sikre at det ikkje skaper problem for Cerebrum. Det kom litt overraskingar for UiB.
  • Dei første vekene kom det mykje støy. DFØ sine API spytta ut 500 og 401-feil heile tida, i lange periodar. API-a deira er ikkje stabile, og kjem ikkje til å vere det på lang tid. Vi treng å ha ein klar plan for å handtere å kunne spille av alle meldingar på nytt, sidan dei kan ha blitt mista.

OrgReg

OrgReg: IPAS treng å legge inn nye external_keys og source_system. Sindre høyrer med dei på NTNU om å få lagt det inn.

Det er altså for TOA. Dei treng det for å teste Medisin sitt reknskapsintegrasjon.

Muligens: Ein external-key for orgenheter i 9901, ein for 9902, ein for 9902-toa, og deretter for prod.

Rollene til dei som både er ansatt og tilknytta

Anders tok opp problemet med roller som fins i SAPUiO som ikkje kan ligge i DFØ SAP.

(ref.anm: Her har vi truleg snakka forbi kvarandre)

Konklusjon: Vi anbefaler å la det ligge. Anders snakker med Lars Oftedal om vidare beslutting om dette.

Aksjonspunkt

  • Joakim sikrer at Cerebrum lager liste over alt vi er usikre på, og tek opp med DFØ, evt IPAS.
  • Joakim fortset på planen for overgang.
  • IPAS gir lyd frå seg i starten av mars, når vi får testmiljø 9902.
  • Joakim høyrer med Gisle om erfaringar for overgangen.
Emneord: cerebrumfelles
Publisert 18. feb. 2021 10:59 - Sist endret 18. feb. 2021 10:59