Cerebrum-seminar 2014

Tida er endeleg komen for eit nytt Cerebrum-seminar! Vi samla alle som har med Cerebrum å gjere 18. - 19. september 2014. Seminaret er fullført, sjå gjerne tilbakemeldingar frå seminaret.

Forberedingar for deg som deltakar

Til seminaret ønsker vi at du som skal vere med forbereder deg og gjer deg opp meiningar om kva din institusjon har av ønsker og behov frå Cerebrum. Kva er viktig for deg og din instans å få ut av seminaret?

Kvar instans er bedt om å bruke opptil 10 minuttar på å presentere sine prioriteringar.

Det er viktig at alle deltagarane er aktive for å oppnå målet med seminaret.

Formål

Formålet er å samle alle involverte og diskutere vegen vidare for Cerebrum. Det er begrensa med utviklingsressursar, og det er difor viktig å prioritere riktig. Vi ønsker at alle er med på å diskutere kva vi skal fokusere på vidare, og kva vi ønsker at Cerebrum skal vere framover.

Målgruppe

Vi ønsker å ha med oss både beslutningstakarar og teknikarar frå alle som bruker Cerebrum. Seminaret vil ha hovudfokus på prioriteringar og bestillingar.

Program

Dag 1

10:30 Velkomst
10:45 Hvordan USIT arbeider med utvikling og drift av Cerebrum
11:30 Lønsj
12:30 Nyhende i Cerebrum
13:15 Pause
13:30 Presentasjon av instansane sine viktigaste saker og ønsker. Kvar instans vert bedt om å bruke 10 minuttar på å presentere sine prioriteringar
15:00 Pause
15:15 Diskusjonsgrupper: Kva skal prioriterast?
16:00 Ferdig med det faglege for dagen

USIT inviterer på tapasmiddag frå kl 19, på Escalon Tjuvholmen, og håper at så mange som mulig vil delta!

Dag 2

09:00 Integrasjonsarkitektur ved UiO
09:30 Prismodellen for Cerebrum, med diskusjon
10:00 Pause
10:15 Oppsummerer gårsdagens diskusjonsgrupper, med fellesdiskusjon
10:45 Bestilling av endringar og utvikling i Cerebrum
11:15 Diskusjonsgrupper: Korleis bestille endringar av Cerebrum?
11:45 Lønsj
12:45 Oppsummering og evaluering
13:45 Seminaret ferdig

Avreise for dei som skal heimatt.

Tid og stad

Deltakarar

31 deltakarar var påmeldt, og 11 Cerebrum-instansar er representerte!

Kontaktpunkt

For meir informasjon, eller innspel, ta kontakt: