Tida er endeleg komen for eit nytt Cerebrum-seminar! Vi samla alle som har med Cerebrum å gjere 18. - 19. september 2014. Seminaret er fullført, sjå gjerne tilbakemeldingar frå seminaret.
Forberedingar for deg som deltakar
Til seminaret ønsker vi at du som skal vere med forbereder deg og gjer deg opp meiningar om kva din institusjon har av ønsker og behov frå Cerebrum. Kva er viktig for deg og din instans å få ut av seminaret?
Kvar instans er bedt om å bruke opptil 10 minuttar på å presentere sine prioriteringar.
Det er viktig at alle deltagarane er aktive for å oppnå målet med seminaret.
Formål
Formålet er å samle alle involverte og diskutere vegen vidare for Cerebrum. Det er begrensa med utviklingsressursar, og det er difor viktig å prioritere riktig. Vi ønsker at alle er med på å diskutere kva vi skal fokusere på vidare, og kva vi ønsker at Cerebrum skal vere framover.
Målgruppe
Vi ønsker å ha med oss både beslutningstakarar og teknikarar frå alle som bruker Cerebrum. Seminaret vil ha hovudfokus på prioriteringar og bestillingar.
Program
Dag 1
10:30 | Velkomst |
10:45 | Hvordan USIT arbeider med utvikling og drift av Cerebrum |
11:30 | Lønsj |
12:30 | Nyhende i Cerebrum |
13:15 | Pause |
13:30 | Presentasjon av instansane sine viktigaste saker og ønsker. Kvar instans vert bedt om å bruke 10 minuttar på å presentere sine prioriteringar |
15:00 | Pause |
15:15 | Diskusjonsgrupper: Kva skal prioriterast? |
16:00 | Ferdig med det faglege for dagen |
USIT inviterer på tapasmiddag frå kl 19, på Escalon Tjuvholmen, og håper at så mange som mulig vil delta!
Dag 2
09:00 | Integrasjonsarkitektur ved UiO |
09:30 | Prismodellen for Cerebrum, med diskusjon |
10:00 | Pause |
10:15 | Oppsummerer gårsdagens diskusjonsgrupper, med fellesdiskusjon |
10:45 | Bestilling av endringar og utvikling i Cerebrum |
11:15 | Diskusjonsgrupper: Korleis bestille endringar av Cerebrum? |
11:45 | Lønsj |
12:45 | Oppsummering og evaluering |
13:45 | Seminaret ferdig |
Avreise for dei som skal heimatt.
Tid og stad
- Tidspunkt: 18. - 19. september 2014
- Stad: Hotell Bristol
Kontaktpunkt
For meir informasjon, eller innspel, ta kontakt:
- Cerebrum si e-postliste
- Joakim Hovlandsvåg, tenestegruppeleiar for Cerebrum