Tilbakemeldingar etter seminaret

Ei oppsummering av tilbakemeldingane vi har fått etter Cerebrum-seminar 2014.

Vi sendte ut eit spørreskjema etter seminaret til alle som hadde deltatt, med spørsmål om kva folk meinte om seminaret, og spørsmål til etterarbeidet for USIT. Rundt 64% av deltakarane svarde på dette.

Oppsummering

Kva vi fekk ut av spørreskjemaet:

  • Vi fekk svar frå alle fire grupperingane USIT-intern, partnerar med USIT, Cerebrum-utviklarar frå utanfor USIT og andre.
  • Alle var generelt positive til seminaret! Det var naturlegvis enkelt-delar ikkje alle var fornøgd med, men generelt var folk positive.
  • Folk håper at prioriteringar og tilbakemeldingar vert følgt opp vidare av USIT.

Program og presentasjonar

Folk var stort sett fornøgde med programmet og presentasjonane frå seminaret. Det virka som folk generelt ønska meir informasjon, spesielt:

  • Meir tekniske presentasjonar
  • Meir info om eksisterande funksjonalitet
  • Meir info om planane til USIT-Cerebrum
  • Generelt meir info frå drift, utvikling og instansane
  • Overvåkingssystem ved USIT
  • Kva er visjonen til Cerebrum

Lokasjon

Folk virka stort sett fornøgd med lokasjonen til seminaret, med unntak av ein klage på frityrlukt.

Diskusjonsgrupper

Alle var positive til diskusjonsgruppene. Nokre tilbakemeldingar vi fekk inn:

  • Nokre opplevde diskusjonsgruppene som ikkje relevante for dei.
  • Samansetninga i gruppene kunne vore bedre, sidan partnarar og utviklarar har ulike utgangspunkt og ønsker.
  • Ønske om at diskusjonen kunne vore meir effektiv, kanskje ved å endre diskusjonsformatet.

Kommunikasjon

  • Alle ønsker bruk av e-post
  • Folk ønsker litt meir informasjon på e-post enn det dei får i dag. Gjerne på ei eiga e-postliste.
  • Ingen ønska mindre informasjon på e-post, men nokre få ønska det overførd til andre kommunikasjonskanalar.
  • Over halvparten er positive til bruk av telefon, nettsider, chat, og wiki.
  • Nokre nemnde Hangout og Vidyo som alternativ.
  • Av konkrete tilbakemeldingar kom det inn eit ønske om at USIT blir bedre på å sei noko om forventa responstid ved kontakt, då den opplevast varierande og uforutsigbar.

Neste seminar

Alle er positive til eit nytt seminar!

  • Alle som svarde på spørsmålet om lokasjon svarde Oslo. Nokre få nemnde også at andre stader kunne vert morro.
  • Av lengd svarde folk i hovudsak ein til to dagar, eventuelt opptil tre.
  • Hyppighet ønska folk stort sett eit årleg seminar.

Resultat frå spørreskjemaet

Ein oversikt over ein del av spørsmåla som vart besvarde. Fritekstfelt og nokre spørsmål er filtrert vekk for å gjere resultata enklare og meir oversiktleg - ta kontakt om du vil ha desse.


Av jokim
Publisert 18. des. 2014 06:15 - Sist endret 18. des. 2014 07:37