Referat frå Lean Coffee

Siste punkt på programmet for Cerebrum-seminaret var ein open diskusjon, der vi brukte Lean Coffee som diskusjonsmetodikk. Deltakarane kom sjølv med punkt å ta opp, og agenda vart satt med avstemming.

Agenda

Sluttresultat av lappar, i prioritert rekkefølge:

  1. Felles kodebase (14 stemmer) - kodedeling - pull requests - hvordan vi kan komme på samme "versjon" og dele kode enklere
  2. Felles IAM i UH? (11 stemmer) - Kva meiner folk, no etter seminaret?
  3. Integrasjoner (6 stemmer) - hva støttes default? FS, Cristin, SAP, m.m.
  4. Personvern (6 stemmer) - flere felles utfordringer rundt personvern, ønsker å lufte tanker og høre etter erfaringer
  5. Emnegrupper (5 stemmer) - automatisk tilgangsstyring ut frå hvilket emne student/foreleser er tilknyttet
  6. Oversikt over nye "features" som kommer i neste release/oppdatering (4 stemmer)
  7. Integrasjonsarkitektur, UH-samarbeid (3 stemmer)
  8. Varsliner (1 stemme) - vi varsler når passordet er for gammelt, bør vi varsle når studeretten er ute? Andre autovarsler
  9. Fjerne "like" tegn fra generert passord og engangskode på SMS (0O 1lI) (1 stemme)
  10. Felles Cerebrum-repo?

Sak 1: Felles kodebase

Ønska å fortsette på diskusjonen frå i går, då det ikkje var avklart kva vi gjer vidare. Hans Kristian oppfatta gårsdagen med at alle var positive, og at det er ønskeleg at UiO tek ei ledande rolle rundt dette.

Folk virka enige i at UiO tek føringa for felles kodebase. UiO må sjå kva dei gjer vidare, men ønsker å jobbe med dette.

Vi er mindre unna kvarandre enn vi trur, kodemessig. Vi kan ikkje bruke det som ein årsak til at vi ikkje samarbeider meir lenger.

Kom merknad om at vi jo splitta ut for ein grunn. Det er mykje enklare å ha eigen kodebase, og sleppe å ta hensyn til andre. Når vi hadde felles kodebase førte det til at mykje som burde vore felles vart lagt i instans-spesifikke områder og ikkje i core, fordi det var enklare. Vi bør passe oss for at dette ikkje skjer att.

Sak 2: Felles IAM i UH?

Ønsker å lodde stemninga i salen, etter at det har blitt snakka mykje om tilgangsstyring og IAM i løpet av seminaret. Kva ser folk for seg?

Det er tydelege signal om at vi kjem til å få føringar frå høgare hold om å samarbeide om tilgangsstyring i sektoren snart. Det er bedre å vere proaktiv på dette no, så vi får gjort det i vårt tempo, skikkeleg.

Kommentar frå Lillehammer og Hedmark: Dei er mindre opptatt av eit spesifikt system, som Cerebrum, og meir opptatt av å sjå på det som finnast i markedet og som brukast av mange og er standardisert. Dei er likevel interessert i å delta og følge med på kva som skjer rundt IAM i resten av sektoren.

Sak 3: Integrasjoner, kva finnast?

Ønskeleg å vite kva som finnast som standard av integrasjonar. Mangler ein oversikt over dette.

Ber UiO om å lage ein tenesteportefølje over alle sine integrasjonar som Cerebrum støtter.

Truleg har vi, dei som bruker Cerebrum, dekka så og sei alle integrasjonar som sektoren har behov for, sidan vi er så mange.

Publisert 18. sep. 2016 22:35 - Sist endret 19. sep. 2016 09:16