EIS: Introduksjon frå Evry

Referat frå introduksjonsmøte om ePhorte og EIS-integrasjonen.

  • Tidspunkt: Friday 20. September 2013 10:00 - 13:00
  • Tilstades frå UAIT: rodseth, jokim
  • Tilstades frå eSAK: Astrid, Lena
  • Tilstades frå Evry: Frank Sandersen

1   Agenda

Få informasjon frå Evry rundt korleis integrasjon med EIS fungerer, og kva som er beste løysinga.

2   Møte

Tok ein liten intro rundt bordet før vi ringde Evry, kl 10:15. Introduserte kvarandre. Eit problem er å miste tilgangar - beholdast i dag sjølv om personen har slutta på stedkoden.

Ein nyare versjon i java og .Net - har ein .dll for dette. Har "link" for .net-rammeverk - Microsoft-miljø, så det er uaktuelt.

For andre kundar - henter bl.a. frå AD, og LDAP. Kan gjenspeile organisasjonsstrukturen ut frå dette.

Skal ikkje ha tilgangskontrollar og tilgangsgrupper - Arkiv ønsker å gjere det manuelt.

Frank tipsa om meir automatikk av roller. Fekk då tilsendt e-post til arkivet om kva som har endra seg. Astrid var litt skeptisk - passe på så vi ikkje automatiserer oss til eit ubrukeleg system.

Astrid spurde ein del om flytting av roller, i samanheng med omorganiseringar. Diskuterte fram og tilbake med Frank om dette. Mange detaljer, må komme tilbake til dette seinare.

Eit alternativ er at Evry lager eit webservice-lag over EIS - enklare kall.

Alternativa for integrasjon:

  • Via EIS direkte - er kompleks, har tilgang til alt i ePhorte.
  • Via eit webservice-lag som Evry kan lage for oss, med bestild funksjonalitet.
  • Via AD, dei har då synk frå AD til ePhorte.
  • Via ein annan LDAP - Evry har mest erfaring med AD, men dei meinte at dei skulle kunne synke mot andre LDAP enn AD sin, med ikkje så altfor mange tilpassingar.

Arkiv veit ikkje om ePhorte skal oppgraderast - er no på 2.0.23, som heile UH-sektoren.

OU-ar bruker Arkiv med kortnamn, langt namn, akronym, betgnelsen og stedkode (6 siffer - heiter vel "kode" i ePhorte, stedkode er ikkje eit begrep i ePhorte). Kortnamn er unikt og ikkje stedkoden. Organisasjonen vert lagt manuelt inn i ePhorte, men skal vere identisk med SAP - alle attributta.

  • Endring av OU-ar skal vere ein manuell prosess. Dette kom av at den gamle synken ikkje takla dette.

    Ønsker difor i første runde berre brukarar, deretter organisasjonen seinare.

    Er også ein del OU-ar som ikkje er tagga som ePhorte-steder. I SAPUiO?

3   Avslutting

Astrid ønsker fortgang, og ta eit møte om kort tid. Tek det på e-post.

Frank kan brukast for innledninga, men inntil 10 timar.

Av jokim
Publisert 2. mai 2014 14:48