Arbeidsmøte med eSAK og Evry om EIS-integrasjon

Referat frå arbeidsmøte med eSAK og Evry om ny EIS-integrasjon med Cerebrum.

  • Tidspunkt: Torsdag 17. October 2013 10:00 - 15:00
  • Tilstades frå UAIT: jokim, rodseth
  • Tilstades frå eSAK: Lena, Astrid Optun
  • Tilstades frå Evry: Frank

1   Agenda

Mål for dagen: Å få ein felles forståelse frå alle tre partar om korleis integrasjonen frå Cerebrum til EIS skal gjerast, og lage plan vidare.

  • Diskutere løysingsforslag på overordna nivå.

    • Drift av systemet
    • Vidareutvikling/feilfiksing av systemet
    • Varsling, og behandling, av feil som oppstår - kven og korleis?
    • Evry si løysing - kort forklaring.
  • Enhetar - kva kan vi/bør vi gjere der?

  • Arkivdel - har Evry tips om kva muligheter vi har til å fikse problem eSAK har med arkivdelar, som kom opp i forrige møte?

  • Diskutere vidare plan.

    Forslag:

    1. Vente på IS-midlar.
    2. Bli enig med Evry om design og oppførsel.
    3. rodseth starter på webservice for å gje Evry det dei treng for personar, roller og tilgangskodar.
    4. Evry kan begynne på sitt arbeid når dette er klart.
    5. Går i produksjon med dette. Avhenger av at eSAK kan bruke eksisterande løysing gjennom bofh, dersom oppdateringsfrekvensen auker. Tilgangskodar må evt. migrerast - kan Evry hjelpe der?
    6. rodseth starter på utviding av automatikken i Cerebrum.
  • Tekniske detaljar, ved Frank og rodseth.

    • Protokoll - SOAP? Rest? Over TLS?
    • Autentisering: X509-sertifikat?
  • Automatikk, dersom tid.

2   Møtet

Starta møtet med å diskutere løysinga. At Cerebrum lager webservice er ok.

eSAK må ta opp med OPA om drift av løysinga. Dette har ikkje UAIT noko med.

Frank forklarte meir om deira løysing:

  • Evry si løysing varsler på to nivå, ein for superbrukarar og ein for drift (td. servicen er nede).
  • Evry si løysing er ein Windows-service.

Vart diskutert feil og vidareutvikling av løysinga etter at vi er ferdige med denne aktiviteten. Dette er noko OPA må diskutere med Evry. SLA og feilfiksing. Diskuterte litt, men dette er utanfor vårt skopet for dette møtet og denne aktiviteten.

Kva gjer vi med automatikk for Enhetar i ePhorte: eSAK vil ikkje automatisere desse, men høyrde etter innspel frå Frank og kan eventuelt ta det opp seinare.

Testing og migrering: Frank ønska å ta i bruk ein test-database, dvs. ein kopi av prod, men som ikkje inneheld ePhorte-dokument. Dette så ein kan sjå korleis strukturen vil sjå ut. eSAK må ta dette med dei som drifter databasane på USIT, trofast-drift.

Hadde ein lang diskusjon om enhetar, fram til alle hadde ein felles forståelse av kva dette betyr. Fann til slutt ut at ein kan bruke akronym frå SAPUiO, som vert "Kode" i ePhorte, til dømes "USIT".

Diskuterte to journalenheter på samme enhet, men Frank hadde ikkje høyrd noko om det behovet før og kunne difor ikkje sei noko om det.

Ser ut til at vi eigentleg ikkje treng arkivdel. Journalenhet kan kanskje beholdast som i dag, men er usikker. Avhenger av om det er bruk for den i ePhorte, eller om det er berre knytta til enhetane. Etter litt graving viste det seg, slik ePhorte er satt opp på UiO, at det er behov for å vite arkivdel og journalenhet frå Cerebrum, fordi Evry-synken ikkje veit kva som skal settast inn. Masse fram og tilbake, men konkluderer til no at vi gjer slik som vi gjer i dag for dette. Skal ikkje endre til fritekst for dette.

Tilgangskoder: skal ikkje fjerne desse automatisk. Cerebrum må dobbelsjekke at desse ikkje vert fjerna når OU-ar vert nedlagte.

Sperring av personar eller personroller. Kan gjerne sperre på person, enklare å sjå i ePhorte. I dag sperrast dette på rolla.

Skal vi stenge roller der du ikkje lenger jobber? Fekk ingen konklusjon på dette i møtet.

Diskuterte standardrolle. No gjerast det delvis i ePhorte og delvis i bofh, dette må ryddast i før vi kan gå i produksjon.

For autentiseringa mot WS er det ønskeleg at Cerebrum set opp ein test kjappast mulig.

3   Etter møtet

Snakka med Frank etter møtet. Takler både SOAP og REST, skjønt vil bruke litt meir tid på REST. JSON eller XML? Det samme, vi kunne gjere det vi vil, Frank tek det som ei ufordring. Helst SOAP og XML, spesielt med tanke på sikkerheten.

Merk: Etter møtet kom vi fram til at SOAP likevel var det beste og enklaste å ta i bruk.

Av jokim
Publisert 2. mai 2014 14:46