Estimering av arbeid for Cerebrum i NIKE-prosjektet

Vi må bruke den nye AD-synken for synk mot Exchange. Det kan difor vere ein fare for at vi treng meir ressursar på feilfiksing i synken, sidan den er ny og har ikkje vore i produksjon endå.

Persondata

Oppdatering av persondata for Exchange 2013, som e-postadresser og MDB og/eller DAG og andre påkrevde attributtar. Dette er den enklaste Cerebrum-delen av prosjektet, då vi har all informasjonen i Cerebrum, og sender powershell-kommandoar mot AD. Aliasar må også vere med.

Nokre krav:

  • Vi har ein fullstendig spesifikasjon over kva attributt som skal oppdaterast, og formatet på desse.
  • Vi gjer ingen endringar på Cerebrum-sida bortsett frå sjølve AD-synken.

Vi vil, utan å ha noko spesifikasjon, kunne bruke:

  • Spesifikasjon: 1 veke. Dette avhenger av kor mykje som er fastsatt frå NIKE si side.

  • Utvikling: 5 veker. Dette med forbehold om at Cerebrum ikkje skal røre så mykje teknisk i AD, som å til dømes opprette og administrere mailboksar og DAG'ar.

  • Tilpassingar: x veker. Arbeid som kjem som ein konsekvens av overgangen til Exchange. Dømer:

    • Korleis skal dagens innstillingar fungere ved overgangen til Exchange?

      • Spaminnstillingar
      • Filter
      • Vidaresendingar
      • Tripnotes
      • mailPause
      • Skal bofh-kommandoen email_info ha tilgang til Exchange for å sjekke bruken av plass for ein konto?
      • Kvoter
  • Skal funksjonalitet endrast i Brukerinfo? Skal funksjonalitet fjernast frå Brukerinfo? Tekstlege endringar i Brukerinfo og andre stader?

  • Kva skal lokal-IT ha tilgang til av administrasjon i Cerebrum/bofh? Trengs nye bofh-kommandoar, eller må eksisterande endrast?

  • Kva med flytting av brukarar mellom mdb-ar, og administrering av dette?

  • Støtte migreringar mellom Exchange-miljø?

E-postlister

Enkelte grupper skal over til Exchange som e-postlister. Dei må då synkast over som distribusjonsgrupper.

Dette kan gjerast med å sette eit nytt spread for gruppene, som oppretter dei som distribusjonsgrupper. Det er støtte for distribusjonsgrupper i den nye AD-synken, men ikkje sikkerhetsgrupper og distribusjonsgrupper samtidig. Det vil då vere noko arbeid med å støtte konfliktar der eksisterande grupper er sikkerhetsgrupper. Sikkerhetsgrupper kan også vere distribusjonsgrupper, så arbeidet går ut på korleis AD-synken skal kunne løyse dette på ein generell måte som kan gjenbrukast av andre instansar.

TODO: Er det andre attributt som må settast for slike grupper? Det vil i så fall kreve meir ressursar.

Vi vil, utan å ha noko konkret å gå etter, bruke 3 veker på distribusjonsgrupper, forhåpentlegvis noko mindre.

Rom og bygg

Er usikkert korleis dette skal løysast, då fristen er september og det er ikkje konkludert om kor all informasjonen skal ligge endå, til dømes eigar og ansvarleg for rom. Import av rom og bygg frå Xpand er ikkje påbegynt, og krever 8-9 veker med arbeid.

TODO: Kva krever Exchange av informasjon, og korleis kan vi oppdatere denne? Finnast det enkle powershell-kommandoar for det? Skal vi produsere tekst-filer og sende over? Skal noko registrerast på grupper eller personar? Tatt ut av lufta vil det ta 6 veker for å eksportere bygg og rom til Exchange.

Publisert 6. sep. 2013 13:42