Notatar om Exchange 2013

Endringar frå tidlegare Exchange-versjonar

Vi synkroniserer data med Exchange for andre instansar, men det er som oftast eldre versjonar av Exchange. Det kan då vere interessant å sjå kva schema-endringar som kjem med Exchange 2013. Det ser ikkje ut til å vere attributtar som påvirker synken, så vi kan gjenbruke det vi veit om Exchange 2010.

Kommandoar, verktøy og funksjonalitet i Exchange

Vi vil bruke ny AD-synk for integrasjon mot NIKE, og ønsker då å bruke powershell i størst mulig grad.

Microsoft har ein oversikt over alle tilgjengelige Exchange Server protokollar, inkludert ei lenke til ei ZIP-fil med alle standardane i PDF-versjon.

Oppretting og oppdatering av Exchange-brukarar

Oppdateringa av Exchange-brukarar (recipients) fungerer som i tidlegare versjonar. Dokumentet som er lenka til nemner noko om at Recipient Update service er deprecated, men dette ser ikkje ut til å vere relatert til kommandoen Update-Recipient, så det ser ut til at vi skal fortsette med den for å få oppdatert Global Address List (GAL).

  1. Objektet må eksistere eller opprettast i AD

  2. Objektet ha attributta:

    • homeMDB -
    • mailNickname -
    • msExchHomeServerName -

    Cerebrum-synken må ha tilgang til å sette desse attributta.

  3. Køyr powershell-kommandoen:

    Update-Recipient -Identity <AD-ID>
    

    Denne tek seg av vidare provisjonering av brukaren, og set bl.a. ein god del attributtar for Exchange. Dei fleste av desse starter på ms-exch-....

  4. Brukaren er klar for å bruke Exchange 2013.

Bruk av rom i Exchange

Rom er definerte i Address Book Object Protocol, og reknast då som Resource Objects, som er ein subtype av Mail user objects. Slike objekt kan bli refererte til i adresseboka, og kan reserverast på samme måte som Equipment.

Av eigenskapar rom kan ha for Offline Address Book (OAB) fann eg:

  • Containers Eit rom kan ligge i fleire Container, som ser ut til å bety at rommet ligg i ei adressebok.
  • Capacity:
  • Description:
  • Department: Eit objekt som bestemmer kor rommet høyrer til i organisasjonen.
  • Display type: Kan til dømes brukast for å sette om eit rom er eit konferanserom, DT_ROOM, som gjer at brukarar då kan reservere rommet.

I tillegg er det funksjonalitet for:

  • Rom kan reserverast frå visning, på samme måte som gruppemedlemskap i distribusjonsgrupper berre kan vere synleg for visse brukarar.
  • Department objects brukast for å skape ein hierarkisk struktur i adresseboka.
Publisert 6. sep. 2013 13:42