Migrering til ny Exchange for ØFK

ØFK ønsker å flytte brukarar gradvis over frå Exchange2007, som er i drift i dag, til Exchange2010. Dette krever litt endringar i attributtar, og ØFK treng tilgang til å kunne migrere ein og ein brukar. ØFK skal teste ut migreringa for IT-driftsbrukarar 8. mai ved migrering av pilotbrukarar, etterkvart skal alle brukarar over, puljevis.

Attributtar:

  • homeMDB skal endrast til td:

    CN=OFKEXCHDB01,CN=Databases,CN=Exchange Administrative Group (FYDIBOHF23SPDLT),CN=Administrative Groups,CN=OFK,CN=Microsoft Exchange,CN=Services,CN=Configuration,DC=ad,DC=ostfoldfk,DC=no
    

    Det trengs då ikkje noko servernamn.

    Gamal versjon var td:

    CN=OFKEXCHDB01,CN=SG_OFKEXCHDB01,CN=InformationStore,CN=Felexofk01,CN=Servers,CN=Exchange Administrative Group (FYDIBOHF23SPDLT),CN=Administrative Groups,CN=OFK,CN=Microsoft Exchange,CN=Services,CN=Configuration,DC=ad,DC=ostfoldfk,DC=no"
    
  • homeMTA settast til:

    CN=Microsoft MTA,CN=FELEXCH0X,CN=Servers,CN=Exchange Administrative Group (FYDIBOHF23SPDLT),CN=Administrative Groups,CN=OFK,CN=Microsoft Exchange,CN=Services,CN=Configuration,DC=ad,DC=ostfoldfk,DC=no
    

    Der FELEXCH0X er serveren som brukaren sin homeMDB er registrert på. For tida er dette FELEXCH01 til FELEXCH04. Dette oppdaterast i cereconf ved utvidingar.

  • Ikkje-migrerte brukarar skal beholde dei gamle attributtane sine.

  • TODO: Skal msExchHomeServerName fjernast for nye? Det vart i alle fall gjort for UiA. Vi tester først å fjerne det, for så heller legge det tilbake om det var feil.

Kva endringar som må støttast:

  • Oppdatere cereconf med nye Exchange-verdiar, som homeMDB og homeMTA.
  • ØFK må få tilgang til bofh. Vi må sette opp dette for dei, då dei berre har hatt tilgang til CWEB til no.
  • Vi må legge inn bofh-kommandoar:
    • Sette brukar under migrering, og få bytta homeMDB.
    • Markere ein brukar som ferdig migrert.
  • La AD-synken til ØFK ta hensyn til migreringsstatus. Når ein brukar har status under migrering skal AD-synken ignorere brukaren. Når brukaren har status ferdig migrert skal dei nye attributtane for homeMDB brukast, og ikkje den gamle varianten.

Vi gjenbruker funksjonaliteten som vart lagd for UiA si migrering i desember 2010:

svn diff -r13561:13576 Cerebrum/modules/no/hia/

Bofh

Vi gir ØFK tilgang til bofhd som brukast for CWEB, bofhd_go_cmds.py. Dei vil då få tilgang til dei samme kommandoane som på nett.

Kva som må til for dette:

  • Vi må generere ei jar-fil for jbofh med riktig sertifikat, og sende over til ØFK.
  • Bofhd treng å få inn hjelpetekst. Vi importerer berre hjelpeteksten til UiO og legg til det som er migreringsrelevant.
  • Alle bofh-kommandoane treng å få satt all_commands. Dette trengs for jbofh, men brukast ikkje av CWEB, så det har pikkje vore satt før. Vi gjenbruker det vi kan frå UiO og andre sine bofh-instansar.

AD-synken

Cereconf

Nokre config-endringar.

  • EXCHANGE_HOMEMDB_VALID inneheld lista over gyldige MDB-verdiar. Denne må oppdaterast med dei nye databasane, då denne lista sjekkast når ein legg inn ein ny mdb for ein brukar.
  • EXCHANGE_HOMEMDB_PER_AFFILIATION brukast til å sette MDB per person-affiliation. Det er usikkert om vi treng å endre på denne.
  • EXCHANGE_HOMEMTA inneheld grunnleggande homeMTA-verdi, men der server-verdien kan byttast ut per brukar.
  • AD_EX_MDB_SERVER inneheld ei liste over databasar fordelt på Exchange-serverar. Det er usikkert om vi treng å måtte oppdatere denne lista.
  • AD_EX_MDB_DN inneheld DN for kor dei nye databasane er lagt i AD. Denne har endra seg for Exchange2010. Det er då laga ein AD_EX_MDB_DN_2010 for å skille dei.

Konstantar

  • homeMDB: ØFK har allereie sin eigen konstant for dette: Cerebrum.modules.no.Indigo.Constants - trait_homedb_info.

    Dei bruker ikkje den frå Cerebrum.modules.no.Constants - trait_exchange_mdb.

  • Trait for migreringsstatus: Legg traitet i Cerebrum.modules.no.Indigo/Constants. Får namnet under_migration.

  • Trait for å vere ferdigmigrert: Legg traitet i Cerebrum.modules.no.Indigo/Constants. Får namnet exch_migrated.

Synken

Endringar i funksjonaliteten:

  • Cacher lista av alle brukarar som har trait under_migration.
  • I utlistinga av alle brukarar, basert på AD- og Exchange-spread, skal brukarar med migreringstrait ignorerast.
  • I uthentinga av e-postinformasjon skal traitet for om brukaren er migrert sjekkast. I så fall skal attributtet homeMDB få ein anna path, som beskreve over. Uthentinga av trait for om ein er migrert eller ikkje bør cachast, sidan det kan ta litt tid når mange har blitt migrerte.
  • Sletting/deaktivering: Vi må unngå at brukaren vert deaktivert dersom den er under migrering.

Etterarbeid

Kva som kanskje bør gjerast etter testperioden, og evt. også migreringa:

  • Fjerne gamle MDB frå cereconf, og seinare også endre AD-synken til å anta at alle er på Exchange2010. Migreringsstatuset kan då brukast dersom ein seinare vil migrere til ein nyare Exchange-versjon.
  • Få nye brukarar over på nytt Exchange-system. I følge ØFK skal det ikkje vere noko som helst skilnad i vektinga mellom ulike MDB, og alle, både studentar, ansatte og tilknytta, skal kunne ligge i dei samme databasane. Vi kan då forenkle fordelingsprosessen.
  • ØFK sin AD-synk går i dag berre to gangar i døgnet. Vi kan høyre med dei om dei vil at den skal gå oftare, så vert gjerne brukarar fullstendig migrert kjappare.
Publisert 15. aug. 2013 14:50