Plan for migrering til Git (gammel)

Planen for å få migrert Cerebrum over til Git.

1   Arbeidsgruppe

Vi set av ei "arbeidsgruppe", med dei som er pådrivarar for migreringa.

  • Frå drift: tvl
  • Frå utvikling: rodseth og jokim

Dette betyr ikkje at det er desse som skal utføre migreringa, men er dei som passer på at avklaringar er ordna, og at det går framover med aktiviteten.

Alle er med på migreringa og avgjerslene.

2   Plan

Plan for migrering:

  1. jokim migrerer cerebrum over til Stash som ein test. Denne er lagd berre for å ha eit git-repo å teste mot når ein bl.a. lager driftsrutiner.
  2. Vi må finne ut kva som skal over til eigne repo, til dømes Brukerinfo og jbofh. Må vere enighet om dette før vi utfører det.
  3. Utvikling lager retningslinjer og rutiner for bruk av git og code review.
  4. Drift lager driftsrutiner og få WebID-instansen til HEAD, så den er klar til migrering.
  5. Drift set opp synk frå Git til Svn som køyrer på cere-utv01 eller i prodmiljøet.
  6. Vi migrerer ut det som skal migrerast til eigne repo i Stash. Drift må lage rutiner for prodsetting og migrere alle desse systema når det er skjedd. Det er viktig at dette gjerast no og ikkje seinare, så ein ikkje får problem med prodsettinga seinare.
  7. Vi migrerer til slutt Cerebrum over til Stash, og oppgraderer WebID-instansen.
  8. Drift oppgraderer alle andre instansar til HEAD.
  9. Etter ein kort periode migrerer vi deretter alle andre instansar.

Vi har ikkje tidspunkt på dette, då det er for usikkert kor lang tid dei ulike punkta vil ta, og kor mykje vi har tid til. Det er mange andre aktiviteter som har høgare prioritet enn dette.

Av jokim
Publisert 20. nov. 2013 13:06 - Sist endret 12. mars 2014 09:32