Referat frå arbeidsmøte for oversikt over prodsettingsarbeid før git-migrering

Ingress til dokumentet, som i tillegg til å leggast på toppen av dokumentet, også visast i søk og andre sider som lister ut fleire dokument.

Arbeidsmøte med tvl og jokim, for å skaffe oversikt over alle endringar frå HEAD i produksjonsmiljøa.

For å hente ut lokale endringar:

svn diff # For endringar i filer
svn stat # For nye filer som ikkje skal vere der

For å hente du filer ute av synk:

svn stat -uv | grep \* # Få ut filer som er ute av synk
svn diff -r BASE:HEAD  # For å sjå på kvar enkelt kodeendring

Korleis sjå over alle endringane? Er ca 100000 linjer med kodeendringar i UiO sitt prodmiljø. Kan ta tid å sjå over alle linjene.

Vi tek først ei grovrensking, og oppgraderer det som enkelt kan oppdaterast, typisk filer som ikkje brukast i prod, som dok, og der endringane berre er enkeltkommentarar i koden, og også nye filer som ikkje har vore i prod før. Deretter skal alle lokale endringar som ikkje kan løysast med ein gang få ei sak i jira, så utviklarar kan sjå om endringane er ok for oppgradering, eller om vi må gjere noko med dei først.

Vi starta med ein relativt liten instans, med ikkje så lang historikk. NIH vart vald. Vi såg deretter gjennom lista over filer og oppgraderte dei som ikkje skaper konsekvensar. Dette tok 1.5 timar. tvl logger endringane i ei jira-sak. Gjekk då frå 1000 filer ute av synk til 300, som må sjekkast meir.

PHP-kode som ligg i cerebrum-repoet vart også oppdatert, då dette sjekkast ut i eigne repo under /uio/caesar/, så bruker ikkje det som ligg i cerebrum-repoet.

Arbeid vidare: tvl finn antal filer ute av synk for alle instansar, jokim ser på dei 300 enkeltfilene for NIH og oppdaterer ei eiga jira-sak for det.

Av jokim
Publisert 19. feb. 2014 17:12