Behov for meir SMS-funksjonalitet i Cerebrum

Ein beskrivelse av ønsker rundt meir funksjonalitet i Cerebrum for SMS-utsending. Behova er meint å skulle kunne brukast i alle Cerebrum-instansar. Dokumentet er berre eit utkast, og er meint for diskusjon.

1   Om SMS-tenesten

Cerebrum har funksjonalitet for å snakke med USIT sin SMS-gateway. Dette er samme tenesten som brukast av Felles Studentsystem for utsending av SMS. Kvar partner fakturerast gjennom samme faktura som for FS.

SMS-tenesta støtter utsending til dei fleste land, men det er lagt inn eit filter i Cerebrum så kvar partner kan bestemme kva land dei vil akseptere. Dette sidan det er kostnader involvert med utsending.

Bruk av SMS i Cerebrum i dag:

For meir informasjon om SMS-gateway, sjå USITs SMS-tjeneste.

2   Brukarhistorier

Dette er ein oversikt over brukarhistorier rundt SMS-funksjonalitet. Alle Cerebrum-partnarar og andre interessenter må gjerne sjå over og kommentere på desse. Er det til dømes funksjonalitet som mangler?

Prioriteten står for kva som er viktigast. Vi har begrensa med utviklingskapasitet, så vi vil ikkje få utvikla alt. Jo lågare tal jo høgare prioritet, td. er 1 høgst prioritert. Partnarar må gjerne kommentere på desse om de er uenige.

Merk at det er ikkje sikkert at alle desse vil, og bør, implementerast i Cerebrum. Cerebrum er ikkje eit SMS-system. Det er ønskeleg at ei eiga SMS-teneste skal kunne innehalde funksjonalitet som kan ta seg av ein del av behova, men det er ikkje sikkert at dette vil bli prioritert.

Alle prioriterte brukarhistorier er lagt i Epic CRB-1689, sortert i prioritert rekkefølge. Status per brukarhistoria vert vidare oppdatert der.

2.1   Manuell SMS

Som brukaradministrator ønsker eg å kunne sende ut korte meldingar til enkeltbrukarar. Dette så eg enkelt kan informere om til dømes nytt brukarnamn, lenke til kor ein kan bytte passord, at brukaren har blitt flytta, og alt anna brukaradm-relatert.

Akseptansekriterier: Send ein SMS med valfri tekst til ein person i Cerebrum, vis at personen får tekstmeldinga.

Prioritet: 31

Meldt interesse: UiA, NIH, USIT. Kjekt å ha for HiØ og NIH.

Detaljar:

  • Det er berre dei som kan bytte passord på brukaren som i første omgang kan sende dei SMS. Dette skal kunne konfigurerast, så det kan utvidast til andre grupper også.
  • Det er ikkje sikkert at funksjonaliteten vil kunne ligge i bofhd, men partnarane ønsker at ein berre treng å oppgi person/brukarkonto, og ikkje måtte oppgi mobilnummer.
  • Det skal vere konfigurerbart kva mobilnummer som skal kunne aksepterast. Det skal ikkje vere mulig å sende til eit valfritt mobilnummer som ikkje er registrert på personen. Cerebrum kan sende til det første mobilnummeret den finn blant alternativa.
  • Det er ikkje meldt behov for ei maksbegrensing på antal SMS til ein brukarkonto/person for ein definert periode.

2.2   Manuelle passordbytte i bofhd på SMS

Som brukaradministrator i bofh vil eg kunne sende ut nye passord på SMS i staden for via passordbrev eller til skjerm. Dette så det vert enklare og tryggare å dele ut passord, til dømes når dei ikkje er fysisk tilstades.

Akseptansekriterier: Bytt passord på ein brukarkonto i bofh som er registrert med eit mobilnummer, vis at personen deretter får tilsendt ein SMS med nytt passord.

Prioritet: 5

Meldt interesse: UiA, USIT, NMH, HiØ, NIH

Detaljar:

  • Brukarnamnet skal ikkje sendast med i samme SMS.
  • Det må vere mulig å konfigurere kva mobilnummer som skal kunne brukast, sidan instansar har ulike krav til bl.a. kjeldesystem. Cerebrum sender til det første nummeret som er registrert blant alternativa.
  • Dersom personen ikkje er registrert med eit gyldig mobilnummer vil utsendinga feile.
  • Det skal ikkje vere mulig å oppgi eit mobilnummer ved utsending, grunna faren for feilregistrering. Vi bruker berre kjeldesystema sine registrerte nummer.
  • Det er ikkje behov for å samtidig gje brukaren ei karantene med startdato ei veke fram i tid (for å tvinge inn eit passordbytte).
  • Å sende ut passord i SMS bør vurderast og godkjennast av sikkerhetsansvarleg på institusjonen, sidan vi med det sender ut passord i klartekst. Alternativet er at Cerebrum berre sender ein SMS med brukarnamn og lenke til kor ein kan sette seg eit nytt passord, men dette er ikkje ønskeleg av partnarane.

2.3   Logging av SMS

Som brukaradministrator ønsker eg å kunne sjå historikken over alle SMS som sendast ut av Cerebrum, inkludert dei som har feila. Dette så eg kan feilsøke og følge med på om alt er ok, og følge opp dei som ikkje har fått tilsendt SMS - https://utv.uio.no/jira/browse/CRB-1418

Akseptansekriterier: Vis oversikten over SMS-utsendingar, både fullførte og feila.

Prioritet: 20

Meldt interesse: UiA, USIT, NMH, HiØ, NIH

Detaljar:

  • Vi kan logge tidspunkt, mobilnummer og kva teneste/brukarkonto som har sendt ut meldinga. Innholdet i tekstmeldinga sendast ikkje ut. Usikkert om det trengs ein kort beskrivelse av tekstmeldinga, til dømes "passord", "passordbyttevarsel" eller "velkomst-SMS"?
  • Vi logger også SMS-utsendingar som feiler.
  • Loggen kan tømmast etter nokre månadar.

Merk at dette er ønskeleg at ikkje lagrast i Cerebrum, men hentast direkte frå ein SMS-teneste.

2.4   Passordvarsel på SMS

Som brukar ønsker eg å få tilsendt automatisk purring på passordbytter på SMS i tillegg til e-post. Dette så vi er meir sikre på at brukaren får det med seg.

Akseptansekriterier: Køyr vanleg varsel om passordbytte, vis at ein brukarkonto med utgått passord får tilsendt ein SMS.

Prioritet: 21

Meldt interesse: UiA, HiØ, NMH, NIH. (Frå Cerebrum-seminar også ØFK)

Detaljar:

  • Behovet følger den eksisterande Passordskiftevarslingstenesten, som sender ut eit varsel og deretter ei purring til brukarar med gamle passord. I dag sendast varsla på e-post.
  • Det må vere mulig å konfigurere kva mobilnummer som skal kunne brukast, sidan instansar har ulike krav til bl.a. kjeldesystem. Cerebrum sender til det første mobilnummeret den finn.
  • Dersom personen ikkje har noko mobilnummer vil vi berre sende varsel på e-post. Vi vil i utgangspunktet ikkje varsle IT-admin/instansen om dette.
  • Vi ignorerer SMS-utsendingar som feiler, sidan brukaren uansett får varsel på e-post også.

2.5   Mal for SMS

Som brukaradministrator ønsker eg å kunne sende ut standardmeldingar til enkeltbrukarar, ved å velge ein av mange malar. Dette så eg enkelt kan informere om standardoppgaver, til dømes overgang fra student til at ein er blitt flytta til ansatt-domene, utan å måtte skrive inn innhaldet manuelt.

Akseptansekriterier: Vis at du i bofh kan prøve å sende SMS til ein brukar, og få opp valg med standardmeldingar du kan sende.

Prioritet: N/A

Meldt interesse: Ikkje nødvendig om ein har mulighet for fritekst.

Detaljar:

  • Rettigheter for utsending er ikkje diskutert.

2.6   Redigering av mal for SMS

Som superbruker ønsker eg å sjølv kunne redigere, slette og legge til nye malar for *automatiske* tekstmeldingar. Dette så eg slepp å bestille endringar frå Cerebrum drift og vente på dette.

Akseptansekriterier: Vis at du i bofh kan endre malen for dei automatiske tekstmeldingane, til dømes velkomst-SMS.

Prioritering: 30

Meldt interesse: UiA, HiØ, NIH, NMH

Detaljar:

  • Treng mulighet for å i alle fall legge inn brukarnamn, e-postadresse og evt. passord i malen.

2.7   Varsel om sperring

Som brukar ønsker eg å få varsel om at brukarkontoen min har blitt satt i karantene, uansett årsak, og uansett om det skjer automatisk eller manuelt. Dette sidan eg då ikkje lenger har tilgang til kontoen min, og vil raskare kunne henvende meg til IT-personell om det er ein feil.

Akseptansekriterier: Sett karantene på ein brukar, vis at brukaren ville fått tilsendt ein SMS.

Prioritet: 50 (kjekt å ha berre)

Meldt interesse: UiA, USIT, HiØ, NIH, NMH

Detaljar:

  • Allereie sperra brukarkontoar som får nye karantener vil ikkje få varsel.

2.8   Varsel om manglande tilknytting

Som brukar ønsker eg å få varsel om at brukarkontoen min står i fare for å bli sperra grunna manglande tilknytting til instansen. Dette sidan eg ikkje nødvendigvis les e-post så ofte, og vil då bli kjappare informert.

Prioritet: N/A

Meldt interesse: ingen

2.9   Rapportering

Som brukaradministrator ønsker eg å få jamnleg tilsendt ein rapport over endringar for personar og brukarkontoar i Cerebrum, inkludert SMS-utsendingar og feila SMS-utsendingar. Dette for at eg skal kunne holde oversikt og kunne ta grep om noko skulle vore galt. Det er ein fordel om rapporten er på eit format som kan lesast av skript, for dei partnarane som ønsker det.

Prioritet: N/A

Meldt interesse: ingen - meir ønskeleg med tilgang til logging frå Cerebrum generelt!

2.10   Statistikk

Som Cerebrum-partner ønsker eg tilgang til statistikk over bruk av SMS frå Cerebrum, slik at eg kan sjå kor mykje og korleis tenesta brukast.

Prioritet: N/A

Meldt interesse: Dette er ønskeleg for Cerebrum meir generelt først. Det er då mykje anna som er viktigare enn SMS.

2.11   CerebrumWS

Som lokal administrator ønsker eg å ha mulighet for å sende SMS til ein person gjennom ein webservice. Dette så eg kan bake inn varsel til personar i lokal automatisering.

Prioritet: N/A

Meldt interesse: ingen, men ønskeleg på sikt, dersom det vil kome ei ny SMS-teneste.

2.12   Masseutsending

Som administrator ønsker eg å kunne sende ut SMS til alle personar på ein enhet eller i ei gruppe. Dette for å enkelt kunne varsle ei bestemd gruppe ved behov.

Prioritet: N/A

Meldt interesse: ingen, finnast bedre verktøy for slikt enn Cerebrum.

Av jokim
Publisert 19. juni 2016 19:37 - Sist endret 21. juni 2016 19:31

Dei som er interesserte i denne funksjonaliteten må gjerne kommentere her!

Vi er også interessert i kor stor interesse det er for funksjonaliteten, så sei gjerne i frå om din instans ønsker denne funksjonaliteten, sjølv om du ikkje nødvendigvis har så mange kommentarar til detaljane!

Joakim Hovlandsvåg - 21. des. 2015 08:51
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere