Bestilling av drift av Cerebrum-WS (REST-API)

Dette dokumentet prøver å svare på det IT-drift treng å vite for å kunne drifte komponentane som trengs for å køyre Cerebrum si nye teneste, Cerebrum-WS.

1   Behov frå IT-drift

Kva vi har behov for, for å få Cerebrum-WS i produksjon.

Maskiner:

  • Webservicen består av ein Cerebrum-daemon, og ein nginx-instans. Vi ser ingen problem med at køyrer på samme maskin som Cerebrum.
  • På sikt, dersom det kjem mykje last på Cerebrum-WS vil det kunne vere behov for lastbalansering og caching. Dette kan vi vurdere seinare.

Forvaltning:

  • Det meste av forvaltninga skjer på samme måte som alle andre Cerebrum-tenester. Ein av måla med Cerebrum-WS er at fleire integrasjonar kan bruke denne, som på sikt vil redusere behovet for forvaltning av Cerebrum drift.
  • Overvåking av at tenesten køyrer.
  • Feilhandtering. Vanlege feil skal bli dokumentert i API-dokumentasjon og utviklingsdokumentasjonen.
  • Tilgangar for konsumentar, både brukarkontoar og sertifikat. Dette må INT lage verktøy for.
  • Førstelinje for konsumentar.

2   Om Cerebrum-WS

Cerebrum-WS er ein REST-webservice, som det er meininga at dei fleste konsumentar skal kunne bruke for å oppdatere og/eller hente ut data frå Cerebrum.

For meir detaljar om tenesten, sjå Designdokument for Cerebrums REST-API.

Av Cerebrum utvikling
Publisert 11. nov. 2015 22:16