Synkronisering mot Active Directory

Cerebrum støtter synkronisering av entitetar og attributtar mot Active Directory. Dette gjerast med bruk av Microsoft sine eigne verktøy, WinRM og Powershell. Denne synkroniseringsløysinga er generell og skal kunne brukast av alle Cerebrum-instansar.

Denne integrasjonen vart tatt i bruk i 2014, og omtalast ofte som AD2.

1   Oversikt

Cerebrum si synkronisering mot Active Directory er ein generell synk av data frå Cerebrum til AD, som bruker Microsoft sine eigne verktøy, som WinRM og powershell.

AD-synken støtter synk av entitetane:

  • Brukarar, deira attributtar og passord.
  • Grupper, deira attributtar og gruppemedlemskap.
  • OU og deira attributtar, men med noko begrensa funksjonalitet.
  • Maskiner, og deira attributtar. Maskinene opprettast som tomme Machine-objekt. Den fysiske maskina må settast opp på andre måtar.
  • Hostpolicies. Desse vert betrakta som grupper i AD, synken bruker ikkje noko eige schema for dette i AD.
  • Distribusjonsgrupper, og deira attributtar. Instansen må sjølv aktivere dei i andre system, som Exchange.

2   Funksjonalitet

AD-synken har funksjonalitet for:

  • Full synkronisering av entitetar, ved at data om entitetar i Cerebrum samanliknast med attributtane til objekt i AD. Der det ikkje er samsvar vil Cerebrum oppdatere AD med ny informasjon. Dette fører til at det vert utført opprydding i OU Cerebrum synkroniserer til.
  • Hurtig-synkronisering, ved at berre dei siste endringane frå Cerebrum vert synkronisert over til AD. Dette gjeld berre visse typer endringar, som passordbytte og endringar i karantener. Dette gjer at visse endringar i Cerebrum kan dukke opp kjappare i AD, men gjer at manuelle endringar AD ikkje vert rydda opp i.
  • Lagring av AD-attributtar i ein eigen tabell i Cerebrum, til bruk for AD-synken. Instansar kan då administrere enkelte attributtar gjennom bofh. Dette er ein fordel i situasjonar der nokre verdiar skal settast automatisk, men enkeltbrukarar treng å få satt unntak.
  • Instans-spesifikke utvidingar er mulig dersom det er behov for eigen funksjonalitet, men det vil kreve utviklingsarbeid. Vi ønsker minimalt med spesialtilpassingar, for å holde integrasjonen effektiv.
  • Køyring av powershell-skript på AD-sida ved hendingar. Til dømes vil Cerebrum kunne starte eit powershell-skript kvar gang eit AD-objekt har blitt endra på av Cerebrum. Dette gjer at instansen kan legge til eigen funksjonalitet som skal påvirke objektet. Eit døme på dette kan vere å få registrert nye brukarar i Lync, Exchange og Office365 straks dei har blitt aktiverte, og opprette heimeområdemappa.

Sjå dokumentet Teknisk oversikt over AD-synkroniseringa for meir detaljar om korleis synkroniseringa fungerer.

3   Ta i bruk

3.1   Spesifisere

For at Cerebrum skal integrere med AD, må vi få spesifisert kva som skal synkroniserast, kva attributtar som skal over, og bli enige om alle detaljar i oppsettet. Ved oppsett av integrasjonen lager vi i samarbeid ein spesifikasjon av integrasjonen.

Sjå dokumentet Bestilling av ei AD-synkronisering for detaljar om denne prosessen.

3.2   Sette opp

Cerebrum må få tilgang til Active Directory for å kunne legge inn oppdateringar. Blant anna må Cerebrum få ein domenebrukar, og tilgang til ei Windows-maskin, med ein lokal brukar. Sjå Oppsett av AD-synken for Windows-sida for detaljar i dette.

3.3   Starte integrasjonen

Oppstart av integrasjonen gjerast i samarbeid med Cerebrum drift. Den vanlege prosessen ved oppstart av integrasjonen:

  1. Cerebrum drift køyrer ei simulering (tørrkøyring) av integrasjonen mot Active Directory. Loggen over kva Cerebrum ville ha gjort i AD oversendast til dei som drifter AD, så dei kan verifisere at alle endringar er ok.
  2. Dei som drifter AD ser over loggen og verifiserer at alle endringar er ok.
  3. Cerebrum drift starter integrasjonen, denne gangen i produksjon. Loggen oversendast dei som drifter AD.
  4. Dei som drifter AD ser over loggen og verifiserer at alle endringar er ok.
  5. Integrasjonen settast opp til å køyre regelmessig, etter slik det er spesifisert.
Av jokim
Publisert 21. aug. 2015 13:32 - Sist endret 13. mai 2019 11:32