Bofh-funksjonalitet for AD2-synk

Informasjon om AD2-modulen i bofh, for administrasjon av AD-relatert data og funksjonalitet.

1   Kommandoar

Alle kommandoane i AD-modulen for bofh ligg under kommandogruppa ad.

1.1   ad attributetypes

Gje ein oversikt over alle definerte attributt-typar som kan brukast.

Merk: For at ein attributt-type skal kunne takast i bruk må den også konfigurerast opp i integrasjonen. Det er ikkje nok å berre legge til verdiar.

1.2   ad list_attributes

List ut alle registrerte attributtar, eventuelt avgrensa til ein gitt sync (spread) og/eller ein definert attributt-type. Denne kommandoen vil kunne ta lang tid dersom det er registrert mange attributtar.

Rettigheter: Berre for superbrukarar.

1.3   ad info

Hent ut alle AD-data registrert om ein gitt entitet.

Rettigheter: Berre for superbrukarar.

1.4   ad set_attribute

Legg til ein gitt verdi for eit AD-attributt for ein gitt entitet. Attributtet vil berre gjelde for ein gitt synk (spread).

Rettigheter: Berre for superbrukarar.

1.5   ad remove_attribute

Fjern eit AD-attributt frå ein gitt entitet, registrert for ein gitt sync (spread).

Rettigheter: Berre for superbrukarar.

Av jokim
Publisert 11. feb. 2015 05:54