Test av AD-synk

Mal for kva som må testast når ein AD-synk settast opp i eit testmiljø og deretter i eit produksjonsmiljø, for å kunne avgjere om all funksjonalitet er på plass og fungerer. Dette kan brukast som utgangspunkt for ein akseptansetest av dei som har bestilt AD-synken. Merk at dokumentet må utvidast av kunden med eigne testar, der dette er nødvendig.

1   Introduksjon

Dokumentet inneheld ein del ulike kategoriar, kvar med sine testpunkt. Kvart testpunkt inneheld ei kort beskriving av kva som må utførast for å kunne godkjenne testen. Kategoriane er noko overlappande, så testane leggast der dei passer best inn.

Når testinga utførast, må kvart testpunkt få fylt inn nødvendige detaljar for testen; tidspunkt, ei beskriving av utfallet av testen, og ein status. Status for resultatet av testen kan ha verdiane:

  • OK: Testen vart fullførd som forventa, og alt var ok.
  • Manglar: Manglande funksjonalitet, avdekka feil som må fiksast før testen kan godkjennast.
  • Ikkje utført: Testen vart ikkje utført, til dømes fordi ein annan test inneholdt manglar, men som gitt test var avhengig av og kan difor ikkje utførast.
  • Uaktuell: Testar som ikkje er relevante for gitt AD-synkronisering.

Det er opp til kunden å akseptere at synkroniseringa fungerer godt nok og kan gå over til produksjon. Dette dokumentetet er berre eit utgangspunkt for å hjelpe til med avgjersla.

1.1   Bruk av dokumentet

Kunden som skal bruke dette kan:

  1. Lag ein kopi av dokumentet. Legg det gjerne i ei passande undermappe i Instansar, så slepp ein å sende kopiar på e-post.
  2. Endre og utvid dokumentet med fleire testar, til dømes grunna bestild ekstra-funksjonalitet, og kva som de føler er ekstra viktig at fungerer korrekt i synkroniseringa. Ulike domener kan ha ulike krav.
  3. Bli enige med Cerebrum utvikling om passande datoar for testing.
  4. Utfør testane og rapportér i dokumentet. Alle testar må utførast av personar som har tilgang og nok leserettigheter i AD-domenet som det synkast til.
  5. Varsle Cerebrum utvikling om resultatet. Feil som vart avdekka må rettast av Cerebrum.
  6. Gjenta prosessen når Cerebrum har retta feila.
  7. Når alle kritiske testar er ok: Vurder om synkroniseringa fungerer godt nok til å aksepterast.

2   Testen

Detaljar om kva testen gjeld for:

Spread for testing:  
Lenke til spesifikasjon:  

3   Opprettingar

Testar som omhandlar oppretting av nye objekt i domenet.

3.1   Ny entitet oppretta

Opprett ein ny entitet og gje den riktig AD-spread. Vent på neste synk, og sjå til at objektet er blitt oppretta i AD, med krava:

  • Med riktig namn
  • I riktig OU
  • Med riktige attributta.
Tidspunkt Beskrivelse Status
2013-09-01 08:10 Døme: Oppretta brukaren jotest, synk oppretta brukaren i riktig OU, men mangla attributta mail, og msExchPoliciesExcluded Manglar
2013-09-02 09:20 Døme: Oppretta brukaren jotast, synk oppretta brukaren i riktig OU. Alle attributt på plass. Ok

3.2   Entitet med spread

Ta i bruk ein eksisterande entitet og gje den relevant AD-spread. Vent på neste synk, og sjå til at objektet er blitt oppretta i AD, med krava:

  • Med riktig namn
  • I riktig OU
  • Med riktige attributta.
Tidspunkt Beskrivelse Status
2013-09-01 08:00    
     

3.3   Samla oppretting

  1. Få ut antalet entitetar som har relevant AD-spread registrert i Cerebrum. Cerebrum drift/utvikling kan bistå med dette, ved behov.

  2. Vent til AD-synken har køyrd, så du er sikker på at alle har blitt overførde. Dersom det er mange entitetar og dette er første synkronisering vil det ta ei stund. Be Cerebrum drift om å bekrefte at synken er fullførd.

  3. Hent ut antalet objekt som ligg i relevant OU i AD. Dømer på powershell for å kunne hente ut dette:

    PS > (Get-ADUser -filter * -SearchBase "OU=Users,OU=Cerebrum,DC=kaos,DC=local").count
    
    PS > (Get-ADGroup -filter * -SearchBase "OU=Groups,OU=Cerebrum,DC=kaos,DC=local").count
    
  4. Samanlikn talet med kva Cerebrum rapporterer om. Tala skal stemme overens.

Tidspunkt Beskrivelse Status
2013-09-01 08:00    
     

3.4   Flytting av objekt

TODO: Opprett objekt i AD, utanfor Cerebrum sitt OU. Opprett deretter ein entitet med samme namn i Cerebrum. Vent på neste synk, verifiser at objektet har enten blitt flytta til riktig OU, eller at Cerebrum feilmelder om den ikkje får tilgang til å flytte objektet.

Tidspunkt Beskrivelse Status
2013-09-01 08:00    
     

4   Attributtar

Testar som tek for seg attributtane til objekta.

Obs: Attributt som er ekstra viktige bør instansen lage eigne testar for.

4.1   Endra attributt

Velg ein entitet som allereie er blitt synkronisert over til AD, med riktig attributt. Endre eit eller fleire av attributta til entiteten, vent på neste synk, og verifiser at attributtet har blitt endra som det skal i AD.

Tidspunkt Beskrivelse Status
2013-09-01 08:00    
     

4.2   Fjerning av attributt

Velg ein entitet som allereie er blitt synkronisert over til AD, med riktig attributt. Fjern eit attributt frå Cerebrum, vent på neste synk, og verifiser at attributtet har blitt fjerna også frå AD.

Tidspunkt Beskrivelse Status
2013-09-01 08:00    
     

5   Nedgraderingar

Testar for sperringar og sletting av objekt i AD. Desse testane avhenger av kva som er spesifisert at skal skje med objekta i AD.

5.1   Entitetar i karantene

Test på at entitetar som kjem i karantene i Cerebrum vert riktig behandla i AD. Karantener kan behandlast på ulike måtar, avhengig av kva som er spesifisert for dette AD-spreadet.

Velg ein entitet som allereie eksisterer og er aktiv i både Cerebrum og AD. Sett entiteten i karantene, vent på neste synk, og verifiser at objektet er blitt behandla korrekt som etter spesifikasjonen - til dømes om objektet er disabled, flytta til ein annan OU eller sletta.

Tidspunkt Beskrivelse Status
2013-09-01 08:00    
     

5.2   Sletting av entitet

Test på at entitetar som vert sletta frå Cerebrum vert riktig behandla i AD. Dette avhenger av kva som er spesifisert i oppsettet av synkroniseringa.

Velg ein entitet som allereie eksisterer og er aktiv i både Cerebrum og AD. Sett entiteten i karantene, vent på neste synk, og verifiser at objektet er blitt behandla korrekt som etter spesifikasjonen - til dømes om objektet er disabled, flytta til ein annan OU eller sletta.

Tidspunkt Beskrivelse Status
2013-09-01 08:00    
     

6   Brukarar

Obs: Desse testane fell bort i synkroniseringar som ikkje gjeld brukarkontoar.

6.1   Passord ved oppretting

Opprett ein ny brukar og sett på AD-spread. Ikkje bytt passord på brukaren, men bruk det eksisterande passordet, gitt av Cerebrum. Vent på neste synk, verifiser at brukaren eksisterer og er aktiv. Prøv deretter å autentisere med brukaren, med gitt passord frå Cerebrum.

Tidspunkt Beskrivelse Status
2013-09-01 08:00    
     

6.2   Passordbytter

Velg ein aktiv brukar som også eksisterer i AD. Bytt passord på brukaren i Cerebrum. Vent på neste synk, og verifiser at du får logga på med brukaren med det nye passordet.

Tidspunkt Beskrivelse Status
2013-09-01 08:00    
     

6.3   Sperring av brukar

Velg ein aktiv brukar som allereie eksisterer i AD. Sett brukaren i karantene i Cerebrum, vent på neste synk, og verifiser at brukaren er blitt markert som deactivated i AD, eventuelt også om brukaren har blitt flytta, dersom konfigurasjonen seier det.

Tidspunkt Beskrivelse Status
2013-09-01 08:00    
     

7   Gruppefunksjonalitet

Obs: Desse testane fell bort i synkroniseringar som ikkje inneheld gruppefunksjonalitet, til dømes for brukarsynkar.

7.1   Oppretting av grupper

Opprett ei gruppe i Cerebrum, eller gje ei eksisterande gruppe spread til AD. Pass på at gruppa har minst eitt medlem som også har spread til samme AD-domene. Vent på neste synk, og verifiser at gruppa har blitt oppretta med riktige medlem.

Tidspunkt Beskrivelse Status
2013-09-01 08:00    
     

7.2   Innmelding i grupper

Velg ei gruppe som allereie eksisterer i både Cerebrum og AD, og ein entitet som også eksisterer i Cerebrum og AD, men som ikkje er medlem av gruppa. Legg entiteten til i gruppa, vent på neste synk, og verifiser at entiteten er medlem av gruppa.

Tidspunkt Beskrivelse Status
2013-09-01 08:00    
     

7.3   Nøsta grupper

Test på om grupper nøster seg riktig i AD - grupper i grupper. Undergrupper med AD-spread skal bli med til AD og oppføre seg slik som i Cerebrum, medan undergrupper utan AD-spread skal bli flata ut - alle medlemma flyttast oppover til gruppa med AD-spread.

  1. Du treng fire grupper, som alle eksisterer i Cerebrum, men ikkje i AD, i tillegg til to entitetar. Her vert gruppene kalla A, B, C og D, medan entitetane vert kalla E1 og E2.
  2. Sett AD-spread på gruppene A og B. Legg B til som medlem av A, og E1 som medlem av B.
  3. Sett AD-spread på gruppa C, men ikkjeD. Legg D til som medlem av C, og E2 som medlem av D.
  4. Vent på neste AD-synk.
  5. Verifiser at gruppene ser riktige ut i AD. Gruppa A skal ha B som medlem, og B skal ha E1 som medlem. Deretter skal gruppa C ha berre E2 som direkte medlem.
Tidspunkt Beskrivelse Status
2013-09-01 08:00    
     

7.4   Ulike objekttypar som medlem

Denne testen trengs berre der det er meir enn berre ein objekttype.

Test at gruppene i AD kan innehalde meir enn berre ein objekttype, til dømes brukarar, i tillegg til grupper. Velg ei gruppe i Cerebrum, gje den AD-spread,

Tidspunkt Beskrivelse Status
2013-09-01 08:00    
     

7.5   Store grupper

Test på at grupper med over 2000 medlem oppfører seg riktig, sidan slike grupper treng ein annan oppførsel enn mindre grupper.

  1. Velg ei gruppe med meir enn 2100 medlem i Cerebrum. Gje den AD-spread. Det kan vere greit å velge ei gruppe utan gruppemedlem, for å gjere det enklare å hente ut tal på medlemskapa og samanlikne med Cerebrum.
  2. Vent på neste synk, og sjå til at antalet medlem stemmer i Cerebrum og AD.
  3. Fjern nokre få medlem frå gruppa i Cerebrum.
  4. Vent på neste synk, og verifiser at antalet medlem stemmer i Cerebrum og AD.
  5. Fjern endå fleire medlem frå gruppa, slik at gruppa kjem under 1000 antal medlem. Dette er for å teste at synken takler overgangen frå "stor" til "vanleg" gruppe.
  6. Vent på neste synk, og verifiser at antalet medlem stemmer i Cerebrum og AD.
Tidspunkt Beskrivelse Status
2013-09-01 08:00    
     

8   Tid for oppdatering

Testar som omhandlar hastigheten til synken.

9   Utvida funksjonalitet

Testar som omhandlar ekstra funksjonalitet som er bestild, men som ikkje er ein del av den generelle synkroniseringa. Kunden må legge inn eigne testar for dette.

Av jokim
Publisert 4. sep. 2013 12:46