Utkast til spesifikasjon for vidaresending av e-post til alumnistudentar

Utkast til spesifikasjon for korleis Cerebrum skal handtere vidaresending av e-post for studentar sine alumnibrukarar.

1   Tilbakemeldingar

  • Må sende e-post ved "nedgradering" og når vidaresending til alumni vert aktivert. Sende til alle e-postadresser, både vanleg, vidaresending og alumni.

    • Kan evt. også sende e-post når alumni-vidaresendinga vert avslått.
  • Skal ein når ein slutter som ansatt få aktivert alumni-tilknyttinga si automatisk? Eller må ein aktiv gå inn og aktivere ny vidaresending? Kan hende ein ikkje veit kva ein registrerte.

  • Skal berrre skje når det berre er alumni-aff igjen. Dette inkludert manuelle tilknyttingar.

  • Hvis du har ein eksisterande forward, kva skal vi gjere med den?

    • Vi fjerner den, men har kanskje lovpålagt krav om å ta vare på historikken for vidaresending.

      Sjekk om change-log lagrer registrerte e-postvidaresendingar.

  • Må oppdatere nettsidene med ein tekst/advarsel om at denne adressa ikkje vil bli brukt før du ikkje lenger er aktiv på UiO.

  • Skal dette gjerast i samanheng med avvikling av e-postkontoen?

    • Ja, når du har ein aktiv brukarkonto på UiO, er det den vi bruker. Vi gjer då ikkje noko med vidaresendinga før vi nedgraderer brukarkontoen.
    • Du blir ikkje alumni før etter ei stund etter at du har slutta med studiene. Dette kan då også vere ei gulrot for å enklare nedgradere brukarkontoar.
  • "Nedgradering" var ikkje eit bra navn for.

  • Før vi aktiverer for alumni i Feide må vi sende dei ein e-post.

    • Nokon må gå gjennom alle systema, og sjekke om det er ok med alumni. Klynga er til dømes ikkje bra at alumni får tilgang.
    • Kven kan gå gjennom systema? Tydelegvis Bård og Espen Grøndahl.
  • Må lage ein god beskrivelsane av overgangane som skal skje, på ein mindre teknisk måte slik at bl.a. AF kan lese det.

2   Introduksjon og motivasjon

Den nye alumniløysinga ved UiO er innbakt i UiO-Cerebrum, og fører då til at vanlege UiO-brukarar også vil kunne vere alumnibrukarar, med samme brukarnamn og passord. I alumniløysinga skal brukarane kunne registrere si eiga e-postadresse som kontaktinformasjon - som oftast vil denne kunne tilhøyre domener utanfor UiO. Både for å gje alumnibrukarane eit gode av å benytte tenesta, og for å gjere det enklare å kontakte alumnibrukarane, er det ønskeleg å kunne tilby vidaresending av e-post som sendast til UiO-brukaren sine e-postadresser til e-postadressa som er registrert som kontaktadresse for alumnibrukaren, så lenge alumnibrukaren er aktiv. Personar tilknytta UiO har gjerne brukt e-postadressene sine hos UiO som kontaktinformasjon, til dømes i faglege publiseringar, og ønsker då å kunne beholde dette kontaktpunktet.

Merk at det er ikkje endå avklart at Studieavdelinga ønsker vidaresending av e-post til alumnibrukarar på denne måten, då dei veit ikkje konsekvensane eller kostnadane ved dette. Dette dokumentet er meint å vere eit løysingsforslag for det Cerebrum-tekniske for korleis vi kan tilby vidaresending for alumnibrukarane, og målet er å gje interessentane av dokumentet nok informasjon til å kunne vurdere konsekvensar, omfang og eit omtrentleg kostnadoverslag av at UiO skal tilby alumnibrukarar vidaresending av e-postar.

3   Bakgrunnsinformasjon

Litt teknisk bakgrunnsinformasjon som spesifikasjonen er avhengig av.

3.1   Registrering av e-postinformasjon i Cerebrum

I Cerebrum registrerast e-postinformasjon for kvar brukarkonto i eit eige objekt, kalla EmailTarget. Denne har all e-postrelatert informasjon knytta til seg, deriblant EmailForward.

Brukarkontoar vert registrert med eit EmailTarget straks dei får eit e-postrelatert spread, til dømes IMAP@uio og exchange_acc@uio. E-postadresser vert generert automatisk basert på blant anna brukarnamn og kva stedkodar brukaren er tilknytta.

Når ein brukarkonto mister sitt e-postrelaterte spread, eller vert avvikla, vil ikkje brukaren sitt EmailTarget bli sletta. I staden for får objektet satt sin targetType til deleted, men beheld resten av informasjonen. Informasjonen beholdast for å blant anna kunne gje tilbake e-postkontoen til brukaren om personen kjem tilbake til UiO, samt for å kunne tilby vidaresending av e-postar om brukaren sitt EmailTarget er registrert med dette.

Brukarar har EmailTarget sjølv om kontoen ligg i cyrus (IMAP) eller Exchange, men noko av informasjonen er forskjellig. For løysingsforslaget sin del er ingenting av denne informasjonen relevant. TODO: jsama må bekrefte/avkrefte dette.

Eitt unntak frå denne måten å registrere e-postinformasjon på i Cerebrum, er brukarkontoar som ikkje skal ha ein e-postkonto, men berre ha ei vidarendingsadresse. Slike adresser kan registrerast som ContactInfo, på samme måte som mobilnummer, telefonnummer, fax og nettside-URL. Driftsbrukarar er typisk slike brukarar, då dei skal ikkje ha sin eigen e-postkonto, men all e-post skal vidaresendast til personen sin primærbrukar.

Oppsummert har vi det som er relevant for løysingsforslaget:

  • Brukarkontoar har EmailTarget, som i dag ikkje slettast når brukaren avviklast.
  • EmailTarget til avvikla brukarar får targetType: deleted.
  • EmailTarget kan inneholde vidaresendingsadresser som e-post skal vidaresendast til.
  • Det kan vere relevant at brukarar er registrert med ContactInfo.

3.2   Informasjon for MX

Cerebrum oppdaterer UiO sin MX ved å populere LDAP sitt mail-tre regelmessig, basert på alt av registrerte EmailTarget. Kvart objekt i LDAP har ulike attributtar som set kva MX-en skal gjere med innkommande e-post, til dømes om det skal vidaresendast, kva spam-filtrering som skal utførast, og kva e-postadresser som er knytta til kva objekt/brukar.

Nokre dømer:

Kvart EmailTarget er registrert med ein targetType, til dømes har vanlege brukarar:

targetType: user

medan brukarar som er blitt avvikla (er ekspirerte eller mangler e-postspread i Cerebrum) har:

targetType: deleted

Vidaresendingar er registrert med minst eitt attributt av typen:

forwardDestination: EMAILADDRESS

Denne informasjonen er den samme, sjølv om e-postkontoen eksisterer i cyrus (IMAP) eller i det nye Exchange 2013-miljøet, sidan MX forblir den samme i nytt miljø. Det einaste som skiller ein cyrus-konto frå ein Exchange-konto i LDAP er attributtet IMAPserver, som fortel MX kva server e-postinformasjonen skal sendast vidare til for vidare behandling.

Dette fortel oss at vi kan støtte vidaresending for alumnibrukarar utan at dei treng ein Exchange-konto.

4   Løysingsforslag

TODO: Trengs å bearbeidast.

Ei av utfordringane ved å støtte vidaresending for alumnibrukarar er kontekstbyttet. Brukaren er ein alumnibrukar, men kan samtidig også vere ein vanleg UiO-brukar. Om ein person set opp vidaresending for alumnibrukaren sin påvirker det også e-post som er relatert til konteksten "UiO-brukaren", sidan det er snakk om samme brukarkonto. Løysingsforslaget må ta hensyn til at alumnibrukaren kan samtidig også vere ein vanleg brukarkonto som brukast for både arbeid og studier.

Løysingsforslaget:

  • Vi oppretter eit nytt spread for å fortelle at brukaren skal eksporterast til MX. Til dømes alumni@mail.

    TODO: Dette trengs ikkje for andre årsaker enn for å gjere det synleg i bofh om ein brukare er i alumni, så dette trengs ikkje akkurat no.

  • E-postadresser som vert registrerte gjennom alumniløysinga må registrerast i ContactInfo av typen e-postadresse og med alumniløysinga som kjeldesystem. Dette vil gjere at brukarar utan e-postkonto vil få vidaresendt til denne adressa, slik som driftsbrukarane.

    Vi må sjå til at LDAP-eksporten også tek hensyn til at manuelle e-postadresser som kontaktinfo har forrang over alumniløysinga, då desse har blitt registrert gjennom den vanlege UiO-løysinga. Alumniadressa vil ikkje bli tatt i bruk så lenge ei manuell adresse er registrert, men vi må utvide med å etterkvart slette slik informasjon for brukarar som har vore avvikla over ein gitt periode.

  • Ved avvikling av UiO-brukaren kan vi ikkje lenger sette expire_date. Vi kan fjerne alle spread, heimeområde og anna, men dersom personen er registrert i alumniløysinga må vi beholde alumni-spread og EmailTarget.

    TODO: EmailTarget skal ved avvikling endrast til å legge inn den alumniregistrerte e-postadressa som vidaresendingsadresse. På den måten vil brukaren kunne beholde alle e-postadressene sine. Eventuelle andre vidaresendingsadresser fjernast ikkje.

  • Ved gjenoppretting av ein brukar må ein:

    • EmailTarget må få fjerna alle(?) vidaresendingsadresser. TODO: Kva konsekvenser vil dette gje?
    • TODO: Kva anna?
  • TODO: Må tenke gjennom alle situasjonar der alumnibrukaren kan komme tilbake for å jobbe eller studere, altså oppgraderingar og nedgraderingar!

Av jokim
Publisert 6. mai 2014 11:26