MailPause

Ein beskrivelse av Cerebrum sin bruk av LDAP-attributter for å pause levering av e-post til e-postkontoar.

1   Oversikt

Cerebrum bruker i dag to LDAP-attributtar for å sei frå til e-postsystemet at ein e-postkonto må bli pausa for innkommande e-post.

  • mailPause (bool): Settast midlertidig når e-postkontoar er under migrering eller flytting.
  • mailPausePendingEvent (bool): Settast midlertidig når det pågår endringar på ein e-postkonto, til dømes når kontoen får lagt til eller fjerna e-postadresser.

Årsaken til å ha pause på e-postlevering, er å unngå at MX sender e-post vidare til e-postsystemet, men før e-postkontoen er ferdig satt opp. Utan pausing ville det kunne resultere i tap av e-post.

2   mailPause

Attributtet mailPause kan settast og fjernast gjennom bofhd. Postmaster står fritt til å bruke denne når dei migrerer e-postkontoar.

TODO: Meir detaljar om bruken av dette attributtet.

Døme på bruken av attributtet i LDAP:

mailPause: TRUE

3   mailPausePendingEvent

Når ein e-postkonto får lagt til eller fjerna e-postadresser, har MX-en behov for å vite at leveringa av e-post til kontoen må bli pausa. Pausen starter i det adressa er lagt til i mailtreet i LDAP, til e-postkontoen i Exchange er blitt oppdatert med nye adresser. Dette gjerast gjennom eit eige pause-attributt, for å unngå race-condition med attributtet mailPause.

Dersom e-postleveringa ikkje vart pausa, vil tilsendt e-post kunne bli vidaresendt av MX-en inn til Exchange, men Exchange veit ikkje kor den skulle blitt levert, og vil forkaste e-posten. Det er med andre ord fare for å at e-post går tapt utan dette.

Cerebrum oppdaterer dette pause-attributtet berre gjennom den vanlege LDAP-eksporten. Eksporten sjekkar om det ligg endringar i kø som påvirker e-postadresser, og set pause-attributtet på alle kontoar dette gjeld for. Ved neste LDAP-eksport vil pause-attributta forsvinne for endringane som er forsvunne frå køa mot Exchange.

Døme på bruken av attributtet i LDAP:

mailPausePendingEvent: TRUE
Av jokim
Publisert 11. nov. 2014 12:38