Primærtilknyttingar i organisasjonstreet

Ei beskriving av korleis primærtilknyttingar registrerast i Cerebrum, og korleis dette påvirker organisasjonstreet (LDAP).

1   Tilknyttingar

Personar er i Cerebrum registrert med tilknyttingar, ofte kalla affiliations. Desse seier noko om kva og kor personen er aktiv. Til dømes kan ein person ha ei tilknytting til Matematisk institutt, av typen student, og status aktiv.

Ei tilknytting har attributta:

  • Type: Seier kva type tilknytting personen har, til dømes ANSATT eller STUDENT.
  • Status: Seier kva status tilknyttinga har. Dette kan tolkast som ein "under-type". Til dømes kan STUDENT ha status aktiv, permisjon, opptak og drgrad.
  • OU: Kva enhet tilknyttinga er registrert mot. Ein person kan til dømes ha ei student-tilknytting til Matematisk institutt, og kanskje også til Fysisk institutt.
  • Start- og sluttdato: Tilknyttingar har start- og sluttdatoar for å registrere når dei er aktive og ikkje. Desse brukast stort sett berre internt i Cerebrum for å verifisere om ei tilknytting er aktiv eller ikkje.

For brukarkontoar som eigast av personar, kan brukarkontoen "arve" tilknyttingar. Dersom ein person har fleire brukarkontoar, til dømes om ein både er student og ansatt, kan kontoane ha kvar si tilknytting for å markere kva som er ansatt- og studentbrukaren til personen. Merk at brukarkontoar sine tilknyttingar har ei begrensing i at ein ikkje kan registrere status, som gjer at ein berre kan ha ei brukar-tilknytting per tilknyttingstype og OU. Dette er eit problem i enkelte tilfelle.

Slike brukartilknyttingar får også ein eigen prioriteringsverdi for å kunne styre primærbrukar og primærtilknytting. Sjå lenger ned for meir info om dette.

2   Prioriteringar

Etter Feide er definisjonen at ein person kan berre ha ei tilknytting som er primærtilknyttinga. Dette registrerast på fleire måter i Cerebrum i dag:

  1. Med ein eigen prioriteringsverdi per tilknytting som er registrert på brukarkontoar. Dette styrer då både kva som er primærtilknytting, og også kva som er primærbrukaren til ein person.

    Slike prioriteringar kan brukaren sette sjølv gjennom bofh og Brukerinfo, til dømes med bofh-kommandoen person list_user_priorities. Lokal IT kan også bistå med dette.

  2. Hardkoda konfigurasjon for Feide-treet, frå cereconf.py. Primærtilknyttinga styrast av kva tilknyttingstype og -status personen har. Til dømes vil tilknyttinga ANSATT alltid trumfe STUDENT, uansett kva prioritering personen set i punkt 1 over.

    Bakgrunnen for innføringa av denne overstyringa er ukjend, men antagelsen er at dette vart innført for å unngå at personar satte "feil" primærtilknytting for Feide.

  3. Overstyring av primærtilknyttinga, som kan settast i bofh og Brukerinfo. Dette lagrast i eit trait "primary_aff" på personen, og overstyrer kva som skal vere primærtilknyttinga i Feide-treet, frå punkt 2 over. Overstyringa spesifiserer kva type, status og OU som skal vere primær.

    Bakgrunnen for innføringa av denne overstyringa er ukjend, men antagelsen er at dette vart innført for å løyse enkelt-tilfeller der punkt 2 ikkje dekka alle situasjonar riktig.

Av jokim
Publisert 27. mars 2015 12:44