Frå SAP til FS

Enkel oversikt over Cerebrum sin eksport til FS med HR-data, som oppretter og oppdaterer personar og fagpersonar i FS basert på HR-data.

1   Overordna

Eksporten er ein fullsynk, som settast opp regelmessig og går gjennom alle personar i Cerebrum og FS og oppdaterer FS etter behov.

Eksporten henter data om ansatte frå Cerebrum og oppdaterer tabellane fs.person , fs.fagperson og fs.persontelefon i FS. Personar vert både oppretta og endra, men ikkje sletta.

Person-tilknyttingar brukast til å definere kven som skal til fs.person og fs.fagperson. Vanleg oppsett er at alle ansatte blir registrert som personar, medan alle vitskaplege ansatte blir registrert som fagpersonar.

1.1   Konfigurasjon

Eksporten kan settast opp med enkelte valg:

  • Person-tilknytting - kva tilknytting (affiliation) i Cerebrum skal føre til at personen vert lagt til i fs.person. Dette er typisk ANSATT.
  • Fagperson-tilknytting - kva tilknytting (affiliation) i Cerebrum skal føre til at personen vert lagt til i fs.fagperson. Dette er typisk ANSATT/vitenskapelig.
  • Autoritativt kjeldesystem - Kva kjeldesystem er det Cerebrum skal hente data frå for eksport. Dette er typisk SAP.
  • OU-perspektiv - Kva OU-struktur skal eksporten basere seg på, der dette er ulikt i kjeldesystema. Dette er typisk SAP.
  • Dryrun - Om eksporten skal køyre, men utan å gjere nokre endringar i FS. Reint teknisk skjer dette ved at synken køyre alle SQL-kommandoar mot FS-databasen, men køyrer ein rollback på slutten av transaksjonen, i staden for ei commit-melding. Dette betyr at Cerebrum må ha skrivetilgang til tabellane i FS også ved dryrun.

2   fs.person

Cerebrum prøver dytte inn alle personar med ei gitt person-tilknytting frå eit gitt kjeldesystem i fs.person. Dersom det ikkje finnast ei rad med samme fødselsdato og personnummer, opprettast raden.

Cerebrum legg til elementa:

  • fodselsdato - første seks siffer av fødselsnummeret, frå gitt kjeldesystem.
  • personnr - siste fem siffer av fødselsnummeret, frå gitt kjeldesystem.
  • fornavn - Fornamn, frå gitt kjeldesystem.
  • etternavn - Etternamn, frå gitt kjeldesystem.
  • fornavn_uppercase - Samme verdi som over, men gjort om til uppercase.
  • etternavn_uppercase - Samme verdi som over, men gjort om til uppercase.
  • emailadresse - Primær e-postadresse.
  • kjonn - Kjønn. Denne vert satt første gangen personen kjem til Cerebrum, uavhengig av kjeldesystem. Dette kan med andre ord komme frå kva som helst kjeldesystem ein person er registrert i. Nokre kjeldesystem fortel Cerebrum kjønn i eit eige felt, men for dei systema som ikkje gir dette baserer Cerebrum seg på det 9. sifferet i fødselsnummeret.
  • dato_fodt - Fødselsdato. Denne vert satt første gangen personen kjem til Cerebrum, uavhengig av kjeldesystem. Dette kan med andre ord komme frå kva som helst kjeldesystem ein person er registrert i.

Nokre merknader:

  • Dersom det allereie finnast ei rad med eit fødselsnummer i fs.person, vert rada ikkje oppdatert. Det betyr at namn og anna vil stå uendra, sjølv om det kan vere utdatert.
  • Namn er påkrevd. Personar utan registrert namn frå gitt kjeldesystem vert ignorert frå eksporten.
  • Fødselsnummer er påkrevd. Utanlandske personar utan fødselsnummer eller midlertidig fnr vert ignorert.
  • Dersom ein person er registrert med fleire, ulike fødselsnummer, uavhengig av kjeldesystem, vert personen ignorert fram til dette er rydda opp i. Dette for å unngå at Cerebrum overskriv feil person i FS grunna feilregistreringar.
  • Ansattnummer eksporterast ikkje til FS, sjølv om integrasjonen ser ut til å gjere eit godt forsøk på dette. Usikkert kvifor dette ikkje eksporterast.
  • Cerebrum ignorerer rader i fs.person til personar som er ukjende eller som ikkje har riktig tilknytting i Cerebrum. Cerebrum driv heller ikkje opprydding av personar som har slutta og så mista si tilknytting - desse vil forbli registrerte i FS fram til dei vert fjerna på andre vis.

3   fs.fagperson

Cerebrum prøver dytte inn alle personar med gitt fagperson-tilknytting frå eit gitt kjeldesystem i fs.fagperson. Dersom det ikkje finnast ei rad med samme fødselsdato og personnummer, opprettast raden. Dersom det finnast ei rad, oppdaterast dei fleste felta.

Cerebrum legg til og oppdaterer felta:

  • fodselsdato - Samme som for fs.person.

  • personnr - Samme som for fs.person.

  • adrlin1_arbeide - Blankt.

  • adrlin2_arbeide - Blankt.

  • adrlin3_arbeide - Blankt.

  • postnr_arbeide - Blankt.

  • arbeidssted - Blankt.

  • institusjonsnr_ansatt - Primærtilknyttinga sitt institusjonsnummer. Dette er vanlegvis det samme for heile institusjonen.

  • faknr_ansatt - Personen sin primære stedkode sitt fakultetsnummer. Sjå meir info under merknader lenger ned.

  • instituttnr_ansatt - Personen sin primære stedkode sitt instituttnummer.

  • gruppenr_ansatt - Personen sin primære stedkode sitt gruppe- eller avdelingsnummer.

  • stillingstittel_norsk - Personen sin arbeidstittel (namn av typen WORKTITLE). Cerebrum ser etter arbeidstittel registrert på bokmål, men bryr seg ikkje om kva kjeldesystem det kjem frå.

  • status_aktiv - Settast til "N", men berre ved oppretting. Ignorerast dersom fagperson allereie eksisterer i FS. Dette er sidan ikkje alle vitskaplege ansatte nødvendigvis er fagpersonar, så dei må aktiverast gjennom andre rutiner.

  • Tabellen fs.persontelefon oppdaterast med arbeidstelefon og faks, om det er registrert på personen i Cerebrum. Arbeidstelefon må vere av typen PHONE i Cerebrum, faks av typen FAX. Begge nummera må vere frå gitt kjeldesystem.

    Elementa som oppdaterast for hhv. arbeidstelefon og fax:

    • institusjonsnr_eier - Institusjonsnummeret.
    • telefonnrtypekode - Hhv. "ARB" og "FAKS".
    • telefonlandnr - Prefiks til telefonnummeret. Standard er 47.
    • telefonnr - Telefonnummeret, utan prefiks og landkode.

    Dersom FS allereie har eit telefonnummer av samme telefonnrtypekode for personen, men som er ulikt, slettast dette frå FS, før det nye leggast til.

Nokre merknader:

  • Fagpersonen må eksistere i fs.person først, så ei rad vert eventuelt lagt til der først.
  • Primær stedkode baserer seg på personen si primærtilknytting i Cerebrum, men den vert ikkje nødvendigvis lik. Primær stedkode settast til den høgst prioriterte stedkoden som både kjem frå gitt kjeldesystem og som eksisterer i FS (institusjon, fakultet, institutt og avdeling må finnast i fs.sted). Om ein stedkode ikkje eksisterer i FS velger Cerebrum den første stedkoden som finnast i FS oppover OU-strukturen, ut frå gitt OU-perspektiv.
  • Personar utan brukarkonto eller brukar-tilknyttingar har inga primærtilknytting i Cerebrum. I slike tilfelle settast primær stedkode til den eldste stedkoden frå personen sine tilknyttingar, berre for å ha noko.
Av jokim
Publisert 5. okt. 2018 11:21 - Sist endret 2. des. 2022 10:57