Rapport pr 2. tertial 2017, for “Prosjekt Vidareutvikling av eValg"

Prosjekteier: Hans Kristian Fjeld Prosjektleder: Joakim S. Hovlandsvåg

For perioden: 01.05 - 31.08, sjå også rapport frå 1. tertial.

Fremdrift og leveranser i perioden

Det vart gjennomførd 12 møter utanom utviklingsarbeidet, deriblant med sentralt valstyre, og tre møter med HF og Medisinsk fakultet om pilot.

Avvik fra plan og forsinkelser

Utviklinga av valadmingrensesnitt (M7) og velgargrensesnitt (M8) pågår, og er 60-70% ferdig, men viser seg å vere kraftig underestimert. Ei ny estimering av gjenståande arbeid i prosjektet indikerer at det gjenstår 1600 timar med utvikling for heilt ferdig løysing, og 400 timar med prosjektarbeid. Prosjektet har med det eit budsjettunderskot på kr 1264000.

Prosjektet identifiserte tidleg at vi kom til å gå over budsjettet, og har blitt handtert med fortløpande avsjekk, men det vart undervurdert kor mykje. Årsaken til at det ikkje vart identifisert såpass høgt avvik før så seint i prosjektet, kjem i hovudsak av ein fersk og uerfaren prosjektleiar, men også lite erfaring med utvikling av ei heilt ny teneste på denne måten i prosjektgruppa.

Risiko og konsekvens for forsinkelsene

Prosjektet vil ikkje nå satt frist for prodsetting 1. oktober i M10. Prosjektet vil ikkje bli ferdig i 2017.

Det er framleis uvisst kva konsekvens budsjettoverskridinga har for prosjektet. Det er risiko for at prosjektet vert avslutta utan å fullføre.

Tiltak

Prosjektet vert satt på pause frå 8. september, etter aktiv sprint. Prosjektet vil søke om tilleggsbevilging frå SKAIT for å dekke opp delar av resterande beløp, og settast på pause til dette er avklart.

Samarbeid

Samarbeidet med UX har fungert bra.

Ressursbruk

Det er ført 1163 timar i perioden. 93 timar frå UX, 1070 timar frå INT (947 timar utvikling, 87 timar prosjektleiing).

Prosjekt Enhet Ansatt Timar
eValg 3.0 USITINT Braathen Jonas 128,50
Fjeld Hans Kristian 4,50
Hamar Robert Bauck 216,75
Hovlandsvåg Joakim 82,50
Kjevik Torkild 223,75
Larsen Fredrik 40,00
Sama Jo 186,25
Simeonov Simeon 188,50
USITINT Total 1070,75
WEB-UX Eklund Martine 89,75
Foss-Pedersen Rikke 3,00
WEB-UX Total 92,75
Totalsum 1163,50

Prosjektet vart fakturert kr 19250 frå Netlife Research, for design av løysing.

Prioriteringer neste periode

Det viktigaste er å finne ut om prosjektet skal avsluttast, utsettast eller få meir midlar. Prosjektet vil gjennomføre ein retrospektiv, for å ta lærdom av budsjettoverskridinga.

Annet

Oppdatert budsjett og regnskap

 
  2016 (budsjett) 2016 (reknskap) 2017 (budsjett) 2017 (reknskap, ut tertialet)  
Inntekter          
SKAIT 750 000 750 000 750 000 750 000  
USIT 0 0 0 252 800 1
Fra foregående år 0 0 0 558 000  
Sum inntekter 750 000 750 000 750 000 1 560 800  
           
Kostnader          
Design, konsulent 75 000 0 75 000 45 500  
Personalkostnader 0 0 0 518  
Frikjøp 675 000 192 000 675 000 1 495 000  
Sum kostnader 750 000 192 000 750 000 1 541 018  
           
Sum total 0 558 000 0 19 782  

1 Prosjektet fekk tildelt 400 ekstra arbeidstimar frå USIT/INT i tidlegare runde. Bruker standard timepris, 632 kr.

Av jokim
Publisert 21. sep. 2017 20:43 - Sist endret 24. feb. 2019 11:57