Statusrapport for prosjekt Videreutvikling av eValg, 2018

For perioden: 01.01.2018 - 16.06.2018

Prosjekt Videreutvikling av eValg vart tildelt midlar i 2016 frå SKAIT for å modernisere eValg-løysinga til UiO, og gjere den meir brukarvenleg. Det vart bevilga 1'500'000,- til perioden 2016-2017. Det vart mot slutten klart at prosjektet ikkje vil bli ferdig på avsatte midlar, og vart satt i pause fram til nye midlar var på plass.

Nye bevilgingar vart tildelt i 2017, og utviklinga starter opp att når INT har kapasitet, hausten 2018.

Status

Prosjektet har venta på utviklingskapasitet i INT, og skal etter planen starte opp att i august 2018. Det har difor vore liten aktivitet i prosjektet i perioden.

Styringsgruppa er justert for å handtere risiko med at nøkkelutviklar har slutta.

Det er ført 45 timar på prosjektet til no i 2018, frå CT. Dette er i hovudsak kompetanseoverføring grunna at nøkkelutviklar slutta på USIT.

Av jokim
Publisert 16. juni 2018 21:22 - Sist endret 16. juni 2018 21:22