Halvårsrapport for prosjekt «Videreutvikling av eValg»

Halvårsrapport for SKAIT på tildelte midlar.

Status

Prosjektet har stått på pause fram til hausten 2018 grunna andre prioriterte oppgåver hos USIT/INT, som varsla til SKAIT 13.11.2017 og 22.06.2018. Utviklinga vil starte opp att i oktober 2018, og skal ferdigstillast innan 31. desember 2018.

Prosjektmidlene fra SKAIT er planlagt å gå til frikjøp av midlertidig ansatt, som igjen fristiller seniorer til å delta i prosjektet. Det har tatt lengre tid enn forventet å få ansatte en kvalifisert midlertidig ansatt, men i tredje kvartal er det endelig blitt gjort en ansettelse. eValg-prosjektet har blitt gitt prioritet for å unngå at dette påvirker prosjektet.

To nøkkelpersonar i utviklingsteamet har slutta i perioden, som gjer at vi har mista ein del kompetanse. Det har difor blitt brukt meir tid på kompetanseoverføring enn planlagt.

Prosjektet har i perioden hatt god dialog med Sentralt Valsekretariat om mottak av ny løysing.

Økonomi

Det har blitt brukt 323 timar på prosjektet i 2018. Store delar av dette kjem frå siste innspurt frå ein utviklar som slutter, og noko kompetanseoverføring. Siden prosjektmidlene skal finansiere et midlertidig engasjement, vil timene regnskapsmessig bli rapportert først etter at midlretidig ansatt er på plass.

Forvalting

Prosjektet er i dialog med systemeigar, USIT/INT, og prosesseigar AP/Sentralt Valsekretariat, samt Sentralt Valstyre og IT-support (Houston) om mottak av ny eValg-løysing.

Dette er på mange måtar eit digitaliseringsprosjekt, då ny løysing vil medføre ei endring i valadministrative rutiner. Blant anna er løysinga mykje meir sjølvbetent.

Gevinstrealisering

Gevinstrealiseringsplan [DOCX] er uendra sidan prosjektet vart satt i pause. Etter planen skal den justerast når prosjektet nærmer seg ferdig.

Risikovurdering

Dei viktigaste elementa frå risikovurderinga:

  • Det er risiko for å ikkje fullføre innan 31.12.2018. Dette bl.a. grunna kapasiteten til INT. Tiltak: Vurdere å utsette delar av prosjektet til 2019, sjølv om eValg3 går i produksjon i slutten av 2018.
  • Nøkkelpersonar i Sentralt Valsekretariat har slutta, som er ein risiko for mottaket av prosjektet. Tiltak: Tettare dialog med nye personar i valsekretariatet. Konsekvens: Meir tidsbruk på interessentoppfølging.
    Publisert 21. sep. 2018 13:32 - Sist endret 1. okt. 2018 12:15