Status for Sentralt Valstyre, april 2019

Status på prosjekt eValg3 til møte i Sentralt Valstyre 5. april 2019.

Status

Prosjektet måtte gjere nokre endringar i februar:

  • Nytt tidspunkt for pilot av ny eValg-løysing: august-oktober. Det gjekk få val i perioden vi kunne køyre pilot på, og prosjektet fekk redusert kapasiteten noko grunna andre prioriteringar.
  • Første versjon vil ikkje støtte Studentparlamentet sitt listevalg. Dette utviklast etter piloten, så det er klart til Studentparlamentsvalet 2020.

Dette har vore i dialog med SKAIT. Meir detaljar i eigen rapport.

Vidare arbeid

Ny løysing er klar for pilot i august. Prosjektet foreslår at Sentralt Valstyre får presentert plan for piloten ein gang i juni-august, om ønskeleg.

Publisert 28. mars 2019 09:14 - Sist endret 28. mars 2019 10:40