Pre-oppstartsmøte

Første møte i prosjekt eValg 3.0, med formål å komme i gang med prosjektet!

Målet for møtet er å bli enige om vegen vidare og bli enige om deltaking i prosjektet, så prosjektet kan begynne. Kaller inn breitt, frå alle som det er tenkt at kan ha bidrag til prosjektet.

Tilstades

  • Robert Hamar (INT)
  • Torkild Kjevik (INT)
  • Jonas Braathen (INT)
  • Tomm Eriksen (UX)
  • Frank Solem (Drift)
  • Trond Ryd (AP)
  • Bård Jakobsen
  • Hans Kristian Fjeld (prosjekteigar)
  • Joakim Hovlandsvåg (prosjektleiar, ref)
  • Trond Amundsen (UH-IaaS)

Sak 1: Mandat [diskusjon]

Prosjektet har fått vedtatt eit mandat. Joakim introduserer og går kort gjennom, samt prosjektet i grove trekk. Kommentarar til dette?

Trond R: Bør legge vekt på korleis løyse sømlaus integrasjon for manntal. Om prosjektet ikkje får løyst det må ein i alle fall forklare kor problemet ligg, og korleis det kan løysast.

Tomm: ønske om å konkretisere rundt kva som meinast med "moderne" og "mobiltilpassa". Målbart. Innspel til neste iterasjon, prosjektforslaget.

Bård: Ved prioritering kan ein prioritere ned at sidene for valadministratorar skal vere mobiltilpassa. Administratorar følger meir rutiner, og har liten bruk for mobiltilpassa design. Ei målsetning er likevel at ingen ringer oss i drift ved adminstrering av valg.

Frank: Beskrivelsen "automatisering" er også veldig vag, og bør konkretiserast.

Robert: Kunne ikkje flytte opptelling inn i webapplikasjonen sist runde fordi det ikkje var sikkert nok.

Trond A: Etterprøving av heile prosessen er veldig viktig for ein valgapplikasjon. Sikkerhet er viktig!

Bård: Prosjektet bør vere opent nok til å også kunne be om å endre valgreglementet. Sjå på prosessbiten, om noko kan endrast for å gjere det bedre.

Hans Kristian: Prosjektet vart bevisst avgrensa til å ikkje sjå på valgreglement og valgprosessar, for å begrense prosjektet. Dette også i forhold til SKAIT-midlar. Prosjektet kan likevel godt sei noko om det.

Trond: Kva er målgruppa for prosjektet?

Hans Kristian: Fokuset er for UiO. Vi "selger" eValg i UH-sektoren også, men dette prosjektet er finansiert av SKAIT, og er berre for UiO. Forbedringar hos oss kan likevel påvirke andre, sidan vi ser på rammeverket.

Bård: Prosessar og interaksjonar vil også kunne brukast av andre i sektoren, så det vil påvirke andre.

Diskuterte valgreglementa og korleis dei påvirker interaksjonsprosessane. Har vel rundt 10 ulike reglemant, og var ikkje mulig å einast om reglement i sektoren sist gang det vart forsøkt.

Bård: Veldig viktig at prodsetting undervegs ikkje påvirker pågåande valg! Har rektorvalg til neste år, og det skal fungere smertefritt!

Bård: Datoar for rektorvalg er satt! Rundt februar til juni. Vil kunne påvirke i alle fall prodsettinga og ressursbehov. Robert vil også måtte bistå i denne perioden, sidan ein har fokus på å ikkje gjere noko feil.

Hans Kristian: Mandatet har lagt inn handlingsrom for prosjektet til å bestemme løysing. IT-dir har godtatt dette, men skal bli orientert dersom vi velger å utvikle noko heilt nytt. Dette må likevel vere gjennomførbart innanfor rammene til prosjektet, så der er prosjektet bunde.

Frank: Overføringa til linjeorganisasjon treffer IT-drift. Er ikkje satt noko rammer for kostnad for drifta for IT-drift i prosjektet. Det er liten kost for driften i dag, for løysingane som brukast er velkjende og brukast av fleire andre applikasjonar på USIT. Endringar på dette vil ha konsekvenser for kostnaden hos drift. Dette vil kunne påvirke drift sine prioriteringar, om kva dei kan drifte og ikkje. Drift ønsker at vi bruker velkjende løysingar som andre også bruker, så det vert mulig å drifte.

Trond A: Cloudready kan ha konsekvenser for driften, der utviklarane drifter applikasjonen sjølv.

Trond R: Valgstyret er ein sterk interessent i prosjektet! Dei er fagleg ansvarleg og er dei som godkjenner valgprosessen til valga. Valgstyret har også eit valgsekretariat som er relevant for prosjektet.

Torkild: Ønske om iterasjonar for sjekk av brukaroppleving. Valgadministratorar og velgarar. Er også med i sjekklista. Var veldig nyttig i andre prosjekt.

Tomm: Hadde vore gunstig med nokre pilotvalg i ny løysing.

Oppsummering

Mange innspel til prosjektet, blant anna at det må gjerast meir konkret og målbart, at det bør også kunne sei noko om prosessar, og at det bør køyrast pilotvalg i ny løysing. Prosjektet tek dette med i utarbeiding av prosjektforslaget.

Har fått innspel om fleire viktige interessentar. Joakim involverer IT-sikkerhet snarast.

Prosjektet må ta hensyn til rektorvalg og styrevalg i 2017.

Det vil ikkje vere mulig å bruke UH-IaaS for eValg før prosjektet er ferdig. Det hindrer oss likevel ikkje i å gjere løysinga "cloudready".

Sak 2: Deltaking for prosjektforslag [diskusjon]

Kven bør vere med i utarbeidinga av prosjektforslaget? Alle relevante partar og interessentar bør få komme med innspel til dette, som prosesseigar (AP), UX, IT-drift, INT og evt. IT-sikkerhet. Kva meiner folk?

Trond R: Ser at AP bør vere med som kontakt og referansegruppe. Spesielt å bidra i drøftinger. Valgsekretariatet kan bidra med folk, godkjenningar og krav.

Bård: Forrige gang kom det krav frå valgsekretariatet om ekstern sikkerhetsgodkjenning. Bør vite om slikt på førehand.

Hans Kristian: Ligg i mandatet nokre milepæler, rundt plan for samarbeid med UX og sky. Dette fordi vi ikkje veit nok om dette, så vi treng bistand.

Trond A: Dette er nytt for dei også (utvikling av administrative applikasjonar for å køyre i UH-skya). Dei har ikkje utviklerkompetanse, så veit ikkje korleis tilpasse for slikt. Prioriteringa deira er for forskarar først. Administrative tenester kjem lenger nede på lista. Dei har også fått eit absolutt nei til å ha sensitive data i skya, som set ein stoppar for å ha valgapplikasjonen i UH-skya med det første.

Hans Kristian: Er eit langsiktig mål å ha eValg i skya, for sektoren. Det som gjeld no, er å nærme oss, å gjere den "cloud ready". Er ikkje forventa at den skal kunne køyre i skya.

Frank: IT-drift ser også på fleire rammeverk som nærmer seg cloudready. Blant anna docker og orkestrering. Bruk av dette gjer det enklare å komme seg til skya.

Tomm: Virker som at det i planlegginga, altså for prosjektforslaget, trengs eit dagsverk eller litt til frå UX, spredd utover nokre dagar (møter). Dette er greit. Vidare arbeid må vi sjå på etterkvart, då dei har mange på lista.

Trond R: Trond kan stå som namn for kontakt frå AP.

Frank: Har ikkje ressursar til overs, men kan godt vere med i diskusjonar. Kan vere lettare å sette på personar når planane vert klarare, for teknologikompetanse.

Trond A: Be om møte med IT-sikkerhet så fort som mulig, helst også juristane. Så dei også kan sei kva dei vil delta vidare i prosjektet.

Oppsummering

Deltakarar er i houvudsak frå INT. UX kan også delta, men usikker på kven og når. IT-drift burde vore med, men har ikkje ressursar til så mykje.

Andre bidragsytarar: Bård kan diskuterast med, ved behov. AP, ved Trond Ryd, er med som kontakt og referansegruppe. Valgsekretariatet kan bidra. UH-IaaS kan spørrast, men har ikkje utviklerkompetanse. IT-sikkerhet må spørrast om kor mykje dei vil involvere seg.

Sak 3: Deltaking i prosjektet [diskusjon]

Kven bør, og kan, delta i prosjektet? Kor mykje kan UX bidra med? Prosesseigar? IT-drift? INT? Andre?

Forslag:

  • Gruppe for UX: Torkild, Jonas, ein frå UX, ein frå brukarsida (AF?)
  • Gruppe for teknisk løysing: Robert, Jonas, ein frå IT-drift

Hans Kristian: Gruppe for teknisk løysing vil ta store, tekniske valg, blant anna om vi treng å bytte ut med ei heilt ny løysing.

Hans Kristian: Treng vi eigne sesjonar for å diskutere skyløysingar?

Bård: Skyløysingar bør også takast med Espen Grøndahl, for føringar. Kanskje ein ikkje kan bruke skya før om lenge. Å gjere den cloud-ready er noko anna, og har ikkje med den konkrete skya å gjere.

Oppsummering

For usikkert i denne runden. Joakim tek dette seinare i prosjektet, når planane er tydelegare.

Sak 4: Interessenter [diskusjon]

Nokre som har andre interessentar som må takast hensyn til?

Nådde ikkje dette, men kom opp fleire interessentar undervegs i punkta over.

Eventuelt

Nådde ikkje dette.

Publisert 15. sep. 2016 19:50 - Sist endret 25. sep. 2016 19:54