Informasjon om prosjekt eValg 3.0

Informasjonsmøte for prosjektet, for å både informere alle interesserte om kva prosjektet skal gjere, og lytte til spørsmål og kommentarar frå alle utanfor prosjektet.

Prosjektet er i full gang, og skal i løpet av 2017 modernisere eValg ved å bytte ut rammeverket, renovere brukargrensesnittet og gjere valadministratorar meir sjølvhjelpne. På dette møtet kan du få vite meir om du er interessert!

Agenda

Det vert 30 minuttar presentasjon, og 30 minuttar med tid til spørsmål og wienerbrød.

  1. Bakgrunn og formål med prosjektet, ved prosjekteigar Hans Kristian Fjeld. 5 minutt
  2. Kva skal prosjektet gjere, ved prosjektleiar Joakim Hovlandsvåg. 20 minutt
  3. Tankar rundt brukaropplevinga, ved interaksjonsdesigner Martine Eklund. 5 minutt
  4. Spørsmål, diskusjonar og wienerbrød.

Referat

Oppmøte: 26 personar

Hans Kristian og Joakim Hovlandsvåg presenterte overordna om prosjektet.

Martine Eklund presenterte skisser for utkast til ny løysing. Skisser vil bli gjennomgått med valadministratorar og grafisk designer før utvikling.

Etter presentasjonar var det opent for innspel og diskusjonar.

  • Det vart etterlyst korleis sikre involvering av valadministratorar
  • Korleis får vi involvert brukarane? Er dei med i prosjektet? - Prosjektet har tatt med prosesseigar, Avdeling for Personalstøtte (AP), i styringsgruppa til prosjektet. Brukarane er ikkje involvert i prosjektgruppa. Prosjektet har heller ikkje noko referansegruppe.
  • Det kom gode innspel til detaljar vi bør ta hensyn til.
  • Det kom spørsmål om at ny løysing beholder spesifikk funksjonalitet som støttast i dag: Ny løysing skal i utgangspunktet støtte all eksisterande funksjonalitet, prosjektet skal modernisere eksisterande løysing.
  • Manntalet er ei utfordring: Prosjektet har ikkje kunne tatt inn i skopet integrasjon med SAPUiO eller andre system - det krever for mykje. Prosjektet skal tilrettelegge for integrasjon ved å lage ein webservice som kan brukast av ein manntalsteneste etter at prosjektet er ferdig.
Publisert 19. des. 2016 15:52 - Sist endret 11. jan. 2017 14:47