Første styringsgruppemøte

Skisser for flyt for valadministratorar og løysingsforslag for teknisk løysing er klare, så då diskuterer vi dei vidare fasane.

Mål for møtet: Sikre at prosjektet er på riktig veg!

Tilstades

  • Hans Kristian Fjeld (PE)
  • Trond Ryd
  • Trond Amundsen
  • Tomm Eriksen
  • Joakim Hovlandsvåg (PL, ref)

Sak 1: Teknisk løysing [beslutting]

Teknisk løysingforslag er blitt utarbeida av teknisk gruppe, og vi går kort gjennom denne. Løysinga er på overordna nivå - meir detaljar vil bli utarbeida i løpet av utviklinga (smidig utvikling). Er løysingsforslaget ok å gå vidare med? Oppfyller den behova til UiO?

Prosjektet ser ut til å vere på rett veg. Løysinga ser skyklar ut - REST-grensesnitt er det viktigaste, og tilstandslause applikasjonar.

Løysingsforslaget er godkjend, men med nokre kommentarar:

  • Anbefaler ta opp nøkkelhandtering med andre på USIT med slik innsikt (Dag Erling).
  • Anbefaler sjekke om brukaropplevinga i innlogginga via Dataporten er ok. WAYF til Dataporten ser ikkje enkel ut. UX har ikkje sett på denne flyten - synd om vi mister brukarane allereie før dei får logga på.
    • Prosjektet anbefalast å slå av WAYF for løysinga, fram til noko bedre er på plass.
    • Dialogen med Uninett om bedre flyt bør takast lenger oppe på USIT, og ikkje i prosjektet.

Sak 2: Grafiske skisser [beslutting]

UX har levert skisser til flyt for valadministratorar [eksternt], og vi går kort gjennom desse. Er dette ok å gå vidare med i prosjektet? Kommentarar?

Skissene ser bra ut, og vil gi mykje bedre brukaroppleving enn i dag.

Flyten er godkjend, men med nokre kommentarar:

  • Anbefaler meir detaljert gjennomgang av skissene med prosesseigar, AP, for tilbakemeldingar. Trond Ryd og Joakim avtaler.
  • Anbefaler prosjektet å sikre at adminflyten også kan gjennomførast på mobil og nettbrett, sjølv om det ikkje gir optimal brukaroppleving. Admingrensesnittet har ikkje krav om å vere mobiltilpassa, men det bør ikkje vere umulig å bruke på ein mobil.
  • Språk: Bør/må ha både bokmål, nynorsk og engelsk, både i grensesnitt og metadata for valg. Prosjektet bør heller vurdere å fjerne beskrivelse av valg i metadata, og heller berre lenke til ekstern nettside. Alle valg skal ha ei nettside med info.

Sak 3: Prosjektstatus og plan [beslutting]

PL gir status på prosjektet. Er vidare plan og milepælar ok, eller bør noko endrast?

  • Utviklinga av stilas og grunnmur i gang
  • PL snart i fødselspermisjon
  • Grensesnitt for valadmin ønskeleg å brukarteste i slutten av april, for velgarar i starten av juni
  • Risiko: Utviklingsbehovet, prosjektet begrensa til 1.5 årsverk, som vi ser er knapt. I verste fall må funksjonalitet kuttast.
  • Framleis mål om prodsetting til 1. juli. Vi kutter heller funksjonalitet enn dato.

Plan vidare er godkjend med nokre forbehold:

  • Forslag om å splitte opp M4, då skisser for velgargrensesnittet kjem seinare.
  • Vurder eigne milepælar for nøkkelhandtering og opptelling.
  • Opprett ny milepæl, M9, for opplæring og bruk av løysinga. Forslag: «Når X antal valg er gjennomførde utan bistand frå IT-support.»
  • Sluttrapport i prosjektet må inkludere oversikt over anbefalt veg vidare for løysinga.
  • Kven er PL mens Joakim er i fødselspermisjon? Ingen, Hans Kristian vert kontaktperson. PE treng at mest mulig er på plass før Joakim går ut i permisjon!

Eventuelt

Publisert 2. feb. 2017 15:27 - Sist endret 26. sep. 2017 13:18