Gjennomgang av skisser for valadministratorar for AP

UX går gjennom skissene som er blitt utarbeida for grensesnittet for valadministratorar.

Mål for møtet: At AP, som prosesseigar, får ein forståelse av ny flyt, og får kome med sine kommentarar til løysinga.

Tilstades

Sak 1: Gjennomgang av skisser [diskusjon]

Martine går gjennom skissene for ny løysing. AP spør og kommenterer undervegs.

Kom nyttige kommentarar om detaljar og begrep ymse stader i løysinga. Martine noterte og justerer skisser.

Martine ønsker kandidatar for brukartesting i slutten av april.

Ny løysing ser ut til å bli mykje enklare å bruke enn dagens. Ser fint ut til å kunne brukast av valsekretærar, utan bistand frå Robert eller Bård.

Sak 2: Spørsmål om løysing og plan

Opner for generelle spørsmål om ny løysing.

Når kan ein forvente ny løysing? Tentativ plan:

  • Valadmin-grensesnitt klart 1. mai
  • Velgargrensesnitt klart uti juni
  • Ferdig prodsatt 1. juli
  • Slår av gamal løysing ei stund etter, når vi er trygt over på ny løysing

Dette betyr at ny løysing kan brukast for valg på hausten 2017.

Vil berre få implementert alt kritisk i ny løysing. Til dømes vil vi ikkje få på plass integrasjon med SAP i dette prosjektet.

Joakim snakker med Knut etter møtet om dialog med sentralt valstyre.

Eventuelt

Publisert 13. feb. 2017 13:09 - Sist endret 5. nov. 2017 21:59