Prosjektstatus etter overskridingar på tid

eValg går utover budsjettet med 200 timar etter siste estimata, men med stor usikkerhet grunna grove estimat.

Mål for møtet: Bli enige om korleis vi får kontroll på prosjektet, og kva vi gjer vidare.

Tilstades

  • hkf
  • jokim (ref)

Sak 1: Budsjettoverskriding [beslutting]

Siste estimata viser at vi er 200 timar i minus. Dette etter reestimeringa etter forrige sprint, som viste at vi hadde feilestimert dei tyngre brukarhistoriene veldig. I tillegg viste det seg at vi måtte bytte ut rammeverket vi tenkte bruke (frå Django til flask). Ein del brukarhistorier er ikkje blitt estimert endå, så der er det brukt gjennomsnittleg estimat for INT sine brukarhistorier (2.2SP).

Korleis får vi løyst dette? Alternativ:

  • Ta ny runde for å kutte ikkje-kritisk funksjonalitet. Truleg ikkje nok, då vi treng å kutte minst 25 SP. Brukarundersøkingar er allereie "betalt", sidan UX allereie har ført sine timar og betaler resten av arbeidet på eige budsjett.
  • Ta vekk kritisk funksjonalitet frå prosjektet. Dette går utover formåla til prosjektet, så lite ønskeleg.
  • Få inn ekstra midlar til prosjektet frå andre stader.

Oppfølging

Vi løyser problemet med å angripe det på fleire måtar:

  • PL tar rundt med UX for å forenkle skisser der det er mulig. Fjern fancy funksjonalitet som gjer grensesnittet enklare, men framleis brukbart.
  • PL tar runde med PG for å flytte fleire ikkje-kritiske brukarhistorier til versjon 3.1, altså etter prosjektet.
  • Prosjektet får tilgang til ein sprint ekstra. Tar dette av INT sine rammemidlar. Dette betyr 200-400 timar ekstra.
  • Neste sprint vert dedikert 100% til eValg. Dette så alle utviklarane blir kickstarta i prosjektet.

PL har frist til fredag å komme med ny status på budsjettet.

Eventuelt

Publisert 4. apr. 2017 10:52 - Sist endret 11. nov. 2017 22:29