Prosjektmøte for å forberede neste sprint

Neste sprint vert dedikert 100% til eValg. Det betyr at mykje må vere ferdig avklart før sprinten starter! Vi går gjennom det som er uklart til no.

Mål for møtet: Konkludere på det som er uavklart, og som bør vere på plass til neste sprint!

Tilstades

  • hamar
  • tgk
  • jokim (ref)

Sak 1: Status for val [beslutting]

Vi treng eit utgangspunkt for status på val, sett frå valadmin sitt perspektiv. Forslaget, ut frå skisser og løysingsforslag:

Valadmin Veljarar Teknisk
Utkast N/A (usynleg) Utkast. Fritt redigerbart.
Publisert Synleg, men ikkje aktivt Publisert (inaktivt) - før startdato. Begrensa redigering?
Publisert Synleg og aktivt Publisert (aktivt) - innanfor start- og sluttdato. Berre manntal redigerbart?
Stengt Synleg, men stengt Stengt (inaktivt) - sluttdato passert. Berre manntal redigerbart?
Stengt Synleg, men stengt. Valgresultat synleg. Opptelt - Opptellinga ferdig. Manntal ikkje lenger redigerbart.
Stengt Synleg, men stengt Anke - Sentralt valsekretariat har fått klage og kan gjenoppta manntalshandtering og opptellinga

 

Oppfølging

 

Sak 2: Nøkkelhandtering [diskusjon]

Korleis løyser vi nøkkelhandteringa? Vi bør ha eit utgangspunkt til sprinten starter, for å gjere det enklare for utviklarane! Kva kan vi gå for? Eventuelt, kva må til for å kunne ha eit utgangspunkt?

 

Oppfølging

 

Sak 3: React som risiko [diskusjon]

Det er berre ein person som kan frontend, og krever mykje arbeid å sette seg inn i det, i alle fall for INT. Vi har ei utfordring om Torkild ikkje er tilgjengeleg. Korleis kan vi redusere denne risikoen? Inkludere nokon frå Webseksjonen? Ønsker ein diskusjon på korleis løyse dette.

 

Oppfølging

 

Sak 4: Folk utanfor manntal [diskusjon]

EVALG-105 er usikker grunna korleis handtere folk utanfor manntalet. Kva er problemstillinga her, og kan vi konkretisere det meir i løysingsforslaget, for å få kontroll på estimatet?

 

Eventuelt

 

Publisert 10. apr. 2017 20:08 - Sist endret 11. apr. 2017 13:23