Koordinering med UX

Vi tek ein status og koordinerer vidare UX-arbeid for eValg.

Mål for møtet: Bli enige om vegen vidare for UX-arbeid, med datoar.

Tilstades

  • tommae
  • eklund
  • hanskfje
  • jokim (ref)

Sak 1: Status [informasjon]

Joakim gir kort status om korleis eValg-prosjektet ligg an. Martine gir kort status på UX-arbeidet for eValg-prosjektet.

Vil mest sannsynleg ha klart minstekravet til UX for brukartestinga (oppretting av val og kandidatadministrasjon for styreval og styrelederval) i denne sprinten, til 16. mai. Frontend med mocking. Utfordringa er å få plass til justeringar, då det er forsinkingar.

Tilbakemeldingar:

Å brukarteste mockinga gir verdi, men det er ein begrensa test. UX ønsker å kunne brukarteste heile flyten. Må veiast opp mot kor seint uti løpet ein kan teste.

Viktigare med ein optimal plan, enn å nå fristen 1. juli. 1. juli er ein mjuk, intern frist. Den harde fristen er innan år 2017.

Sak 2: Plan framover [diskusjon]

Diskuterer tentativ plan, frå aktivitetsplanen:

  • M6: Valadmingrensesnitt ferdig evaluert: Frist 1. mai. Forsinka, klar til brukartesting 18. mai.
    • Brukartesting: Når, kor mykje, kva må til?
    • Joakim får med valadmin-kandidatar.
    • Presentasjon av resultat av brukarundersøking etterpå.
  • M7: Skisser for veljargrensesnitt godkjende: Frist 5. mai. Status?
    • Presentasjon og diskusjon med prosjektgruppa. Når?
    • Gjennomgang med AP og/eller valsekretariat?
  • M8: Veljargrensesnitt ferdig evaluert: Forsinka, men siste absolutte frist er 1. juli, som er optimstisk.
    • Frist frå UX for brukartestinga?
    • Minimalt med tid att i prosjektet for justeringar. Utsette til seinare prosjekt, eller prioritere foran ferdig løysing?

Diskusjon

Brukartesting av valadmin-grensesnittet:

  • Inviter med Bård og AP/valsekretariat i brukartestinga.
  • Vi utset avgjerslen om tidspunkt for brukartestinga til etter neste sprintplanlegging. Då ser vi bedre kva vi når.

Skisser for veljargrensesnitt:

  • Martine har møte med Gunder i morgon, for å sjå på skissene.
  • Skissene truleg ferdige i løpet av neste veke.

Brukartesting av veljar-grensesnittet er for tidleg/usikkert å ta opp.

Oppfølging

For brukartestinga av valadmin-grensesnitt:

  • Joakim kaller inn til nytt statusmøte etter neste Sprint Planning, for å bestemme dato for brukartesting og kva vi får gjort.
  • UX forbereder brukartestinga i midten av mai.
  • Vi set 9. juni som tentativ dato for leveranse for brukartesting.

For skissene til veljargrensesnitt:

  • Joakim kaller inn til møte med prosjektgruppa i uke 20 for gjennomgang av skissene.
  • Joakim diskuterer med Martine gjennomgang med styringsgruppe og evt. andre interessenter.

Eventuelt

 

Publisert 26. apr. 2017 12:06 - Sist endret 23. nov. 2017 09:01