Andre styringsgruppemøtet

Skisser for velgargrensesnitt er klart, men prosjektet er blitt forsinka, så vi treng å ta ei beslutting om vegen vidare.

Mål for møtet: Sikre at prosjektet er på riktig veg!

Tilstades

  • Hans Kristian Fjeld (PE)
  • Trond Ryd
  • Trond Amundsen
  • Tomm Eriksen
  • Joakim Hovlandsvåg (PL, ref)

Sak 1: Milepælsplan [beslutting]

Vi vil mest sannsynleg ikkje nå fristen, grunna forsinkingar og underestimering av utviklinga, så vi må justere på milepælar.

Sjå forslag til ny Milepælsplan (utkast/arbeidsversjon). Endringar:

Diskusjon

Milepælsplan er godkjend, med forbehold om at M9 må inkludere at utviklinga er ferdig.

Nokre tilbakemeldingar:

  • Høg risiko for at noko er trøblete når ein set alt i produksjon og skal ta i bruk alt på ein gang. Prosjektet bør handtere dette. Oppfordrer til å køyre pilot med mindre institutt. Gamal løysing vil køyre i parallell i ein overgangsperiode, til vi er sikre. 
  • Sikkerhet er for AP det viktigaste med ny løysing. Den skal vere til å stole på! Foreslår å simulere opptellinga og andre prosessar i begge løysingar samtidig, for å verifisere at resultata stemmer. Usikkert om er mulig å få til, grunna kryptering og heilt ulike løysingar. Prosjektet vurderer dette. (ref.anm: EVALG-261)
  • Etterprøvbarhet: Kan vi garantere at stemmer ikkje har blitt tukla med? Er stemmene signerte? Kven har tilgang til nøkkelen? Korleis kan vi garantere dette? SG ber prosjektet om å levere eit dokument til AP som beskriver etterprøvbarheten, for tilbakemeldingar om justeringar av løysinga. (ref.anm: EVALG-260)

PE kan vurdere å ettersøke SKAIT om meir midlar.

Diskuterte M11 og gjennomføringa av valg. IT-support som brukast i val i dag gir også bistand rundt valprosessen og ikkje berre det tekniske. Dette behovet vil truleg bestå.

Milepælsplan er godkjend, med forbehold om at M9 må inkludere at utviklinga er ferdig.

Oppfølging

Joakim oppdaterer milepælsplan, og følger opp andre tilbakemeldingar med utviklarane.

Sak 2: Skisser for velgargrensesnitt [beslutting]

Vi går kort gjennom skissene for nytt velgargrensesnitt [zeplin.io], diskuterer og vurderer om skisser er godkjende for utviklinga.

Nokre merknader:

  • Nokre kanttilfeller er ikkje dekka, til dømes korleis det vil sjå ut når nokon bytter til ei stemmegruppe som dei ikkje har stemmerett i. Tek undervegs i utviklinga.
  • Listeval har blitt forenkla ved å fjerne mulighet for å endre rekkefølge på kandidatar på lista. Har ingenting å sei for resultatet av opptellinga.
  • Har vurdert søk i kandidatar i listeval, men utsett til seinare versjon grunna mangel på tid.

Diskusjon

Frist utsatt sidan skisser ikkje er ferdigjusterte, men det er berre mindre endringar, så SG går likevel gjennom.

Oppfordrer til at Martine får sjå resultata undervegs i utviklinga, så vi får ein god prosess og færre overraskingar.

Tomm nemnde ny UiO-profil med mindre header, som kjem seinare.

Oppfølging

Godkjend, ser ut til å vere på riktig veg. Tek opp på nytt dersom det dukke opp større endringar i skissene.

Joakim følger opp tilbakemeldingane.

Sak 3: Gevinstrealiseringsplan [beslutting]

Ein gevinstrealiseringsplan kan gjere det enklare/meir konkret å kome i gang med realiseringa etter prosjektet. Skal vi ha ein slik plan for dette prosjektet? Kva er dei overordna føringane i gevinstrealiseringa? I så fall, gå gjennom kort forslag [docx] som utgangspunkt for plan.

Diskusjon

Ønskeleg med nettskjema for tilbakemeldingar.

Det viktigaste med tenesta er bedre brukaroppleving. I tillegg, frå AP, at er det trygt og sikkert.

SG er positiv til å konkretisere og måle gevinstrealiseringa.

Oppfølging

Joakim tek gevinstrealiseringsplanen vidare.

Sak 4: Kvalitetskriterier [diskusjon]

USIT sine tenester skal ha kvalitetskriterier og målepunkt i løysinga, som følger UiO sine mål og strategi. Har styringsgruppa innspel til kvalitetskriterier for eValg-løysinga som er i tråd med linja?

Oppfølging

Nådde ikkje ta opp. Joakim sender ut e-post for å be om tilbakemeldingar.

Sak 5: Inkludering av studentar [diskusjon]

Korleis får vi involvert studentane i ny eValg-løysing? Holde demo/presentasjon for dei, slik som for valstyret?

Diskusjon

Vanskeleg å få involvert studentar, anna enn Studentparlamentet.

Oppfølging

Nådde ikkje. Joakim sender ut e-post for å be om tilbakemeldingar.

Joakim tek kontakt med Studentparlamentet.

Eventuelt

Publisert 10. mai 2017 11:48 - Sist endret 23. nov. 2017 09:01