Intro for Sentralt valstyre

Møte med sentralt valstyre for å snakke om eValg-løysinga og konsekvensar.

Sentralt valstyre har eige referat. Dette er stikkord for tilbakemeldingar vi fekk frå valstyret:

  • Vi må ha ein god pilotperiode! Valstyret vil godkjenne ny løysing før den tar over for den gamle, og vil ikkje godkjenne før dei er trygge.
    • Valstyret vil ha ein rapport frå resultatet frå pilotperioden.
    • Nytt møte rundt desember.
  • Manntal er vanskeleg å etterprøve, sidan det er feil/dårlege data vi får frå SAPUiO. Valsekretariatet anbefaler prosjektet om ta kontakt med nokon i AP eller ADS for å sjå på bedre løysingar.
  • Valprotokollen må gjerast noko med. Skal valadmin klare seg sjølv må den gjerast lesbar for mennesker. Bård har forslag til enkle grep, så kan ta ein prat med han.
  • Stemmeretts-sida bør endre ordlyden. Valstyret er eigentleg berre ute etter stillingskoden til folk, og ingen andre begrunningar, sidan valreglementet ikkje dekker anna.

Mindre kritisk:

  • Sortering på kandidatar i valg bør både kunne gjerast både alfabetisk og randomisert. Dette for å unngå eselstemming, der altfor mange stemmer på øverste kandidat(ar). Bør i denne samanhengen skille mellom for- og etternamn i input.
  • Sterkt ønskeleg å få inn løysing for å sende inn forslag til kandidatar. Rutina med e-post fungerer ikkje optimalt i dag.
Publisert 20. juni 2017 08:51 - Sist endret 20. juni 2017 08:51