Brukarrolle-workshop, del 2

Vi fortset utprøvinga av å definere brukarroller for eValg, etter første møte. Dette for å teste ut BetterUserStories-kurset.

Mål for møtet: Bli enige om viktigaste brukarrollene for eValg.

Tilstades

  • jsama
  • fhl
  • sgs
  • hanskfje
  • jokim
  • jbr
  • hamar
  • tgk

Agenda

  1. Repeterer roller frå forrige workshop
  2. Blir enige om relevante underroller
  3. Fyller ut detaljar for kvar brukarrolle (kontekst, karaktertistikkar, krav/forventingar).
  4. Oppsummere korleis dette fungerte

Tips frå BUS-kurset:

  • Roller bør vere essensielle for suksessen til produktet.
  • Ei rolle representerer brukarar som deler samme behov, interesser, forventingar og/eller oppførsel.
  • Roller bør ikkje vere for spesifikke eller for generelle. Gir då liten verdi å snakke om.
  • Interessenter burde også blitt invitert i brukarrolle-workshop, men i denne runden prøver vi det berre ut
  • Forkast roller når:
    • Den ikkje lett skiller seg frå andre roller
    • Ikkje er i målgruppa
    • Ikkje kan lage brukarhistorier for, evt. får bedre brukarhistorier utfrå andre roller sitt perspektiv

Referat

Endte opp med rollene:

  • Velgar (alle som vil/kan avgje stemme)
    • Funksjonsnedsett velgar
    • Velgar utanfor eller i feil manntal
  • Valarrangør (alle som (med)arrangerer eit val)
    • Valadmin (full tilgang til eit val)
    • Stemmerevisor (begrensa tilgang til å vurdere om stemmesedlar er gyldige - manntal)
    • På-vegne-av-operatør (tilgang til å legge inn papirstemmer på vegne av andre)
  • Kontrollør (alle som vil sjekke at løysing/val er etterretteleg/truverdig)
    • Intern kontrollør (med taushetsplikt)
    • Ekstern kontrollør (inkludert presse, myndigheter, men også privatpersonar)
  • Kunde (alle som bestemmer i løysinga)
    • Sentralt valstyre
    • Sentralt valsekretariat
    • UH-kunde
    • Studentparlamentet

Nådde ikkje diskutere alt heilt ferdig, så bør nok kunne endre på nokre av rollene seinare.

Nådde detaljere litt av dei viktigaste rollene.

Brukte litt tid på å diskutere kva som skal vere med som roller og ikkje. Skal stakeholders vere med? Vi konkluderte med at det er sluttbrukarperspektivet som er meininga bak å gjere det på denne måten, så vi utelukka alle roller som vi ikkje ser for oss skal bruke løysinga. Dei er viktige for produktet, ja, men er ikkje viktige for å utvikle løysinga best mogeleg brukbar, og er difor utanfor user roles.

Oppsummering

Føltes nyttig, men føltes som noko vi burde ha gjort heilt i starten av eValg-prosjektet, saman med UX og andre. Hadde truleg gjort det enklare for oss å vite kva vi skal lage, og gje UX innsikt. Til neste gang bør vi ta rolledefinisjonen tidleg, og så story writing workshop, før vi begynner å lage skisser, designe og utvikle!

Sidan denne metoden er ukjend, er det litt diskusjonar no, men vi lærer av det når vi tar rollene i bruk i nye brukarhistorier. Ønsker prøve dette meir, og ta det i bruk.

Publisert 20. sep. 2017 14:31 - Sist endret 2. feb. 2019 08:26