Førstelinjesupport for eValg?

Prosjektet ser på muligheten for førstelinjesupport av ny eValg-løysing, for å avlaste utviklarar og skape ein bedre teneste. Innleiande møte med SDS for å sjå kva som er mulig å få til.

Mål for møtet: Bli enige om eValg kan få førstelinjesupport frå SDS eller ikkje, og korleis vi evt. går vidare for å gjere det mogeleg.

Tilstades

  • Hans Kristian Fjeld (PE)
  • Rune Ersdal (SDS)
  • Alexander Kvam (SDS)
  • Joakim Hovlandsvåg (PL, ref)

Referat

Joakim introduserer kort om ny løysing, for å diskutere om SDS kan supporte den.

Diskusjon

SDS positive til å kunne ta førstelinjesupporten av eValg 3.0.

SDS også positive til å kunne ta andrelinjesupport, som er i hovudsak bistand til valadministratorar. Avdeling for Personalstøtte (AP) i ADS har ansvaret for det valtekniske, USIT har berre ansvaret for det IT-tekniske - vi treng med andre ord ikkje inngåande kjennskap til valreglementet, det må vidaresendast til AP.

Andrelinjesupport vert enten tatt av Rune og Alexander, dersom det krever meir tilgangar i løysinga. Om ekstra tilgangar ikkje trengs, og supporten ikkje er for avansert, kan det også takast av heile førstelinja. Prosjektet må vurdere kva tilgangar som trengs for support.

Vart einige om at SDS tek over førstelinjesupport samtidig med prodsetting av ny løysing. SDS får då meir erfaring med løysinga, og vi får kjappare avdekka manglar i dokumentasjonen mens det er ferskt.

Oppfølging

  • Rune sender side med krava for at dei kan supportere ei løysing (dokumentasjon, eskaleringspunkt etc.)
  • Joakim svarer på krava til SDS
  • Joakim kaller inn til nytt møte i september/oktober, når vi veit meir konkret tidspunkt for prodsetting og korleis ferdig løysing ser ut. Dette for å avtale meir konkret rundt overtaking av førstelinja. SDS ønsker gjennomgang av løysinga seinare.

Eventuelt

Publisert 28. aug. 2017 11:03 - Sist endret 28. aug. 2017 11:10