Tilstades
- Frank Solem
- Halvor Utby
- Joakim Hovlandsvåg (ref)
Bakgrunn
Det INT ønsker:
- Primært at nokon overvåker miljøet og applikasjonen, så utviklarane kan konsentrere seg om anna.
- Full tilgang til prod, for å kunne feilsøke og fikse problem effektivt.
Referat
Prodmiljø
Drift anbefaler å sikte på OpenShift, men på sikt. I første runde kan dei drifte med dagens Docker-løysing. Dette gjer overgangen til OpenShift seinare enklare. OpenShift skal vere klar i august, men w3d treng erfaring før eValg bør køyre der.
Tilgang til prod
Vi vil ikkje få tilgang til prod i dagens docker-løysing, men sidan det er i påvente av OpenShift-løysinga er det greit at vi kan få midlertidig tilgang hvis det er krise - eller så kan INT alltids trappe opp på ukevakta sitt kontor for å feilsøke.
I nye OpenShift-løysinga er det mykje meir sjølvbetent, så der har INT meir muligheter for å feilsøke.
Overvåking
Tanken til w3d er at både w3d og INT overvåker løysinga. Dei ser på heilt kritiske ting, som at tenesta går ned. Deira overvåking baserer seg på helsefilene, som produserast av applikasjonen og lesast av Zabbix. Vi kan ha dialog om overvåking og behovet for å sette på fleire maskiner.
Helsefilene er definert av Zabbix-drift, som nok har dokumentasjon på korleis dei skal sjå ut.
Neste steg
Joakim booker møte med utviklarar og Halvor, for å gå gjennom løysinga for eValg3, og bli einige om korleis w3d skal drifte den.