Driftsmiljø for eValg3 hos w3d

eValg3 nærmer seg ferdig utvikla og vi ser på om det kan driftast av w3d. Vi er blitt einige om å sikte mot w3d si docker-løysing i påvente av OpenShift, vi må berre bli einige om korleis. Sjå referat frå initielt møte.

Mål: Bli einige om korleis eValg3 kan køyre i prod, frå juni, og kva som må til.

Tilstades

  • Sivert Hatteberg
  • Jonas Braathen
  • Halvor Utby
  • Joakim Hovlandsvåg (ref)

Agenda

  1. Sivert går gjennom korleis evalg-test01 køyrer og prodsettast
  2. Diskusjon om w3d kan drifte løysinga, og kva INT må gjere av tilpassingar

Referat

I diskusjon kom vi fram til at eValg3 kan driftast i dagens docker-miljø hos w3d, og er uproblematisk å få dette klart til juni.

Kva må gjerast:

  • INT gir Halvor Utby lesetilgang til evalg3 sitt konfig-repo, så w3d kan ta over og justere på konfig. w3d kopierer filene over til sitt miljø, som INT kan få tilgang til.
  • INT må handtere at images byggast på nytt minst ein gang i månaden.
  • INT lager ny harbor-konto for eValg-applikasjonen, og gir credentials til w3d.
  • INT endrer logginga frå stdout til å logge til filer, som w3d kan "montere" for ELK.
    (Logginga går i dag til stdout, i henhold til policy, men docker-miljøet sender dette til rsyslog, som alle på USIT kan lese. Nytt OpenShift-miljø vil ha det til stdout, så endrast tilbake då.)
  • INT finn ut korleis migrering databasen. Eigen kommando i Rundeck? Automatisk frå koden?

w3d set opp Rundeck for deployering, og tre miljø - utvikling, test og prod. INT får root til utviklingsmiljøet, men ikkje til test og prod så INT må basere seg på feilsøking i ELK.

eValg3 bruker Dataporten, så w3d må ha tilgang dit (kat3, men skal vere opna).

Oppfølging

Joakim sender bestilling til w3d, med nødvendige detaljar som kom opp i møtet.

Publisert 25. mars 2019 12:54 - Sist endret 25. mars 2019 12:54