Justering av makroreknearket for manntalsutplukk

Møte med forfattaren av makroreknearket for berekning av manntal frå HR, for å kunne tilpasse det den nye valløysinga.

Tilstades

  • Anne Lau Revil (Seksjon for lønn)
  • Joakim Hovlandsvåg (ref)

Referat

Bakgrunn: I ny eValg-løysing vil lokale valstyre/valsekretariat sjølv legge inn manntalsfiler i eValg-løysinga. Prosjektet ønsker ein enklast mogeleg prosess for dette, for å unngå feil. eValg klarer ikkje tolke avanserte makrorekneark. Prosjektet foreslår ein ny knapp for å eksportere manntala til enkle CSV- eller TXT-filer, som kan lastast inn i eValg.

Svaret frå Anne er at det kan ho fikse. Sender utkast til Joakim.

Anne poengterte at om valstyret ser feil i manntala må det meldast frå til HR umiddelbart, så dei får retta. Det er viktig at HR-data er korrekt, spesielt for å få utbetalt riktig lønn. Ideelt sett burde valstyret sett gjennom manntalet 14 dagar før valet starter, for å rekke å få retta på feil i SAP før valet starter, og nytt og korrekt manntal vert henta ut.

Eventuelt

Anne oppdaga i gjennomgangen eit kanttilfelle rundt tolking av Professor II, som Sentralt Valstyre truleg bør ta stilling til. Joakim formulerer eit utkast og sender til Anne, før det sendast til Sentralt Valsekretariat for vidare behandling.

Anne tok opp at makroreknearket bør eigast hos nokon andre, då ho jobber med heilt andre ting enn val. Joakim tek opp problemstillinga med Gina i AP.

Var også innom temaet ny ERP-løysing, som går i produksjon 1. januar 2021. Dette vil påvirke manntalsuthentinga. Blant anna veit vi at ansattnummer vil bli endra.

Publisert 15. aug. 2019 13:42 - Sist endret 15. aug. 2019 13:48