Mandat for forberedingsfasen til BOTT-Cerebrum

Mandat til arbeidsgruppa for BOTT-Cerebrum, for perioden før samanslåing av Cerebrum til felles kodebase i BOTT. Mandat for utredingsaktiviteten av BOTT-Cerebrum for arbeidet i forrige periode.

Etter Mandat for utredingsaktiviteten av BOTT-Cerebrum leverte arbeidsgruppa ein oversikt over utviklingsbehov, forslag til samarbeidsform og plan for å få realisert ei samanslåing av all fellesfunksjonalitet i Cerebrum til ein felles kodebase - «BOTT-Cerebrum». Leveransane har blitt godkjende med mindre justeringar, og arbeidsgruppa er blitt bedt om å vidareførast for å følge opp og koordinere realiseringa av planen fram til samanslåing.

Formål

Få harmonisert bruken av Cerebrum i BOTT (UiT, NTNU og UiO), og dermed spille inn Cerebrum som en relevant kandidat i et IAM-samarbeid i IT-BOTT.

Mål

  • Plan for samanslåing vert gjennomførd innan fristen.
  • Kodebasen for Cerebrum core skal vere slått saman:
    • Alle brukarhistorier som vart oppdaga i utredingsperioden som påkrevd for samanslåing skal vere løyste.
    • Cerebrum core er i versjon 1.0 eller seinare, og følger semantisk versjonering.
    • BOTT-Cerebrum sitt offisielle repo for Cerebrum core er plassert på GitHub.
    • BOTT-Cerebrum køyrer i produksjon hos NTNU, UiT og UiO. Gamal, lokal Cerebrum-variant kan eventuelt køyre i parallell i ein overgangsperiode.
    • All eksisterande funksjonalitet som minst ein institusjon treng har blitt beholdt. Alle konflikter i funksjonalitet skal ha blitt løyst.
    • Produkteigarar skal ha fått levert ein oversikt over nødvendig og anbefalt etterarbeid etter samanslåinga.
  • Samarbeidsforma skal vere implementert og forankra hos institusjonane:
    • Alle produkteigarar for Cerebrum på institusjonane skal ha gitt bekreftelse på at dei er enige i og står bak visjon og samarbeidsforma om BOTT-Cerebrum-samarbeidet.
    • Alle tech leads for Cerebrum på institusjonane skal ha gitt bekreftelse på at dei er enige i og står bak visjon og spelereglar for BOTT-Cerebrum og tilhøyrande produkt.
    • Prioriteringsråd mellom tech leads skal vere oppretta. Mandat for rådet skal vere laga, og det skal vere dokumentert kven som er medlem.
    • Prioriteringsråd mellom produkteigarar skal vere oppretta og avklard. Mandat for rådet skal vere laga, og det skal vere dokumentert kven som er medlem.
    • QA-prosessen for vidareutviklinga er beskreve, og minst ei kodeendring for Cerebrum core har gått gjennom QA-prosessen og blitt prodsatt hos minst ein institusjon.
    • BOTT-Cerebrum sin kodestandard og design skal vere dokumentert og publisert.
    • Cerebrum core har støtte for ein felles måte å bygge python-pakken på. Dette skal vere dokumentert. Kva som skjer i prodsettinga etter bygging er opp til kvar enkelt institusjon, men bygginga skal ikkje vere til hinder for lokalt driftsopplegg, til dømes å kunne inkludere python-pakken i Debian- eller RPM-pakkar.
  • Minst ei anna teneste enn Cerebrum core skal vere publisert for at dei andre institusjonane kan dra nytte av den, som ein del av samarbeidet. Den nye passordtenesta til USIT skal vurderast for deling, og GitHub skal vurderast som stad for publisering av relaterte produkt.
  • Produkteigarar skal ha fått levert ei anbefaling om vegen vidare for samarbeidet. Er det noko som arbeidsgruppa ser mangler eller er ei risiko i samarbeidet? Når og korleis bør samarbeidet evaluerast?

Arbeidsgruppa koordinerer, diskuterer, samler innspel og informerer hos institusjonane, men utviklingsarbeidet gjerast i hovudsak av kvar enkelt institusjon.

Tidsplan

Møte rundt annankvar veke, avlysast ved behov.

Frist: 1. juli 2017.

Bestiller

Aktiviteten er eit samarbeid mellom UiT, NTNU og UiO, og er ikkje ein del av IT-BOTT. UiO, ved Hans Kristian Fjeld, koordinerer aktiviteten.

Publisert 30. mars 2017 12:53 - Sist endret 21. apr. 2017 12:16