Ny periode, nytt mandat

Mål for møtet: Bli enige om korleis vi jobber saman i perioden fram til samanslåing, gjennom mandat for arbeidsgruppa.

Tilstades

  • Fredrik Larsen
  • Tobias Langhoff
  • Kai Vaade
  • Steinar Kleven
  • Kenneth Johansen
  • Joakim Hovlandsvåg (ref)

Sak 1: Nytt sidan sist [informasjon]

Tek ein runde. Kva har skjedd hos dei ulike institusjonane etter leveransen frå arbeidsgruppa?

USIT:

  • Prosjekt for modernisering av eValg krever meir arbeid enn berekna. Neste sprint vert dedikert fullt ut til eValg. Kan difor hende at USIT ikkje når fristen for sine oppgaver.
  • Kai vert ikkje med i arbeidsgruppa vidare frå USIT. Tobias representerer drift.

NTNU:

  • Business as usual. NTNU omorganiserer, men Steinar jobber jamnt og trutt med brukarhistoriene.
  • Jobbast med å få lagt ned Kjernen. Tek ressursar.
  • Samanslåinga har blitt prioritert likt med interne saker, som betyr at drift tek det fortløpande når det ikkje er bestillingar frå prosjekt el.a. Har ikkje fått inn noko dedikert person for utviklinga. Steinar lobber sterkt. Er risiko for å ikkje nå fristen.

Sak 2: Mandat [diskusjon]

USIT foreslår å beholde arbeidsgruppa fram til samanslåinga 1. juli, og har laga forslag til nytt mandat. Kva meiner arbeidsgruppa?

Kommentar til målet: «BOTT-Cerebrum har støtte for ein måte å bli bygd på». NTNU ønsker å beholde bygginga si til Debian-pakke. Hensikta med punktet er at pakken Cerebrum core byggast likt, mens slikt som Debian vert gjort utanfor Cerebrum-core-pakken. Ein vil garantert inkludere fleire pakkar enn berre Cerebrum-core-pakken i Debian-pakken. Joakim omformulerer til at python-pakken for Cerebrum core skal byggast på ein måte.

Kommentar om at det er veldig usikkert at vi når fristen.

Mandat godkjend, dersom Joakim endrer punktet om bygging.

Sak 3: Uavklarde saker [diskusjon]

Vi tek opp saker på boardet markert med diskusjon.

Utsetter til 21. april, men enighet om at å markere brukarhistorier på boardet med label diskusjon er ein grei og enkel måte å ta opp saker på.

Sak 4: Estimering [beslutting]

Hans Kristian ønsker å få eit estimat på arbeidet som trengs frå alle partar. USIT har grovestimert sine saker, men har ikkje sett på fellessaker. Korleis kan vi få eit bedre estimat? Avtale møte for å gå gjennom?

Ein del saker treng vi å diskutere først for å kunne få eit estimat på. Det er også ein del større saker på slutten, som vi bør ha tenkt gjennom eit løysingsforslag på først.

NTNU har estimert sitt arbeid til 6 veker med 100% utviklar. Dette inkluderer ikkje fellessakene og dei større sakene mot slutten før samanslåinga.

Vi tek ei estimering av sakene vi kan estimere i neste møte, etter diskusjonar.

Sak 5: Designmal for Cerebrum [diskusjon]

USIT har laga utkast til designmal for Cerebrum. Kva meiner dei andre institusjonane? Er dette riktig veg? Kva trengs vidare?

Vi såg ikkje på den konkrete designmalen, men diskuterte litt rundt kva vi treng generelt.

Vi ønsker å gjere ein del endringar i Cerebrum, så ein designmal for dagens status vert feil, og vi veit ikkje korleis designet vil sjå ut om 1-2 år. Ser for oss å lage ein roadmap med kva vi ser for oss nokre år framover. Lager designmal for desse etterkvart som dei lagast. Vi har likevel nokre ting som vi veit allereie no, til dømes kva db-backend vi ønsker å støtte (kun postgres, ingen andre).

Eskalering av saker til prioriterinsråd er typsik der vi legg inn noko i designmalen.

Utsetter å sjå på designmalen til det nærmer seg samanslåinga, når vi har litt klarare bilde.

Sak 6: Neste møte [beslutting]

Når skal vi ha neste statusmøte? Tre veker grunna påske? Tema?

Joakim booker 21. april, etter lønsj. Mykje anna som skjer framover, med bl.a. Uninett fagdagar. Tema då er i hovudsak diskusjonssakene som Fredrik ønsker ta opp.

Eventuelt

Publisert 2. apr. 2017 22:28 - Sist endret 8. apr. 2017 19:21