Status og diskusjon

Mål for møtet: Få diskutert seg gjennom alle brukarhistorier som er blitt jobba med til no, for å komme vidare i arbeidet.

Tilstades

  • Fredrik Larsen
  • Tobias Langhoff
  • Steinar Kleven
  • Kenneth Johansen
  • Joakim Hovlandsvåg (ref)

Referat

Referat frå forrige møte.

Sak 1: Nytt sidan sist [informasjon]

Runde med status frå kvar institusjon.

  • Steinar: Har samanslåinga fått høgare prioritet hos NTNU?
  • Joakim: Mandat oppdatert og klart?

Mandat oppdatert og klart.

UiT har no all sin kode liggande under contrib/no/uit/ og Cerebrum/modules/no/uit/! Framleis frå april, så må truleg tilpasse litt etter siste endringane frå UiO sidan april.

Fredrik har ikkje fått jobba så mykje som planlagd med BOTT-Cerebrum-sakene.

Sak 2: Diskusjonssaker [diskusjon]

Vi tek opp saker på boardet markert med diskusjon.

Fredrik tok opp cerelog, som har blitt rydda i. Bugfiks har gitt fleire endringar i koden, men er trivielle endringar. NTNU og UiT bedt om å sjå over og oppdatere (sjå CRB-2176 for detaljar).

NTNU fekk ikkje delteke på dette møtet, som gjer det litt amputert. Utset diskusjonen.

Oppfølging

Fredrik avtaler eige møte med Steinar, med Kenneth på CC, for å diskutere tekniske saker. Før neste statusmøte, om 14 dagar.

Sak 3: Estimering [diskusjon]

Er det nokre saker som er klare nok til å kunne estimerast?

Utset til neste møte.

Sak 4: Logo for BOTT-Cerebrum [diskusjon]

Kva meiner arbeidsgruppa om logo eller anna design for BOTT-Cerebrum?

Arbeidsgruppa positive, men bør ikkje gjerast av oss teknikarar.

Neste møte

Tid: 10. mai 12-14

Fredrik avtaler eit eige møte med Steinar (og Kenneth) før dette, for å diskutere meir tekniske saker.

Saker til dagsorden til neste møte:

  • Fortset på agendaen til dette møtet.

Eventuelt

Publisert 8. apr. 2017 19:31 - Sist endret 21. apr. 2017 13:36