Status og diskusjon

Mål for møtet: Få diskutert seg gjennom alle brukarhistorier som er blitt jobba med til no, for å komme vidare i arbeidet.

Tilstades

  • Fredrik Larsen
  • Tobias Langhoff
  • Steinar Kleven
  • Kenneth Johansen
  • Joakim Hovlandsvåg (ref)

Referat

Referat frå forrige møte, som vart litt amputert.

Sak 1: Nytt sidan sist [informasjon]

Runde med status frå kvar institusjon.

  • Steinar: Har samanslåinga fått høgare prioritet hos NTNU?
  • Fredrik: Fått til møte med Steinar, og Kenneth, og fått diskutert?

USIT har fått eValg-prosjektet som prioritet. USIT vil med andre ord ikkje nå fristen for sitt arbeid. Avventer ny, tentativ frist.

Frå NTNU er det blitt avklart at det ikkje er rom for å prioritere Cerebrum før sommaren. Antakeleg ikkje før etter sommarferien, midten av august. Prosjektet med å få Kjernen ut har fått prioritet over Cerebrum.

Sak 2: Diskusjonssaker [diskusjon]

Vi tek opp saker på boardet markert med diskusjon. Kommentarar og avklaringar leggast direkte i sakene.

Diskuterte fleire saker, inkludert bygging av Cerebrum-pakken, logging-rammeverket og cereweb, og kommenterte direkte i brukarhistoriene i Jira. Fekk gått gjennom alle saker markert med label diskusjon.

Tok også opp unicodifiseringa av Cerebrum. NTNU køyrer med utf-8-encoda str, mens USIT køyrer med latin1, enn så lenge. Korleis løyse det før samanslåing? Ser uproblematisk ut, har identifisert nokre skilnader som må ryddast opp i, og så tek vi eventuelle problem etter samanslåinga når det dukker opp.

Oppfølging

Fredrik og Steinar jobber vidare med sakene og det vi har blitt enige om i brukarhistoriene. Fredrik prøver få løyst nokre av dei.

Sak 3: Ansvarsfordeling [diskusjon]

Mandatet har mange punkt som må løysast fram til samanslåinga. Foreslår å sette opp ansvarleg per sak:

  • Kodebase og utviklinga for å kunne slå saman: Fredrik
  • Versjonering: Fredrik
  • Repo(s) på Github: Tobias
  • Dokument med anbefalt etterarbeid etter samanslåinga: Utset til det nærmer seg samanslåing
  • Prioriteringsråd for tech leads og PO: Joakim
  • Kodestandard og designmal: Utset til det nærmer seg samanslåing. Fordel å vente til utviklinga er meir konkludert. Må kanskje vente til etter samanslåinga.
  • QA-prosessen for BOTT-Cerebrum: Tobias
  • Felles pakkebygging: Fredrik og Steinar i samarbeid
  • Få med anna, relatert produkt i samarbeidet: Utset.
  • Anbefaling av vegen vidare for samarbeidet: Utset
  • Nettside for samarbeidet? Utset
  • Kontaktinfo for samarbeidet? Utset

Andre punkt?

Kommentar om punktet rundt "anna, relatert produkt i samarbeidet": Poengtere gevinstane om BAS. Kan vere bra for leiinga på NTNU for prioritering. RabbitMQ kan også vurderast, i tillegg til USIT sin nye Passordtjeneste.

Oppfølging

Joakim tek opp att i seinare møte.

Sak 4: Estimering [diskusjon]

Har vi saker som er klare nok til å kunne estimerast?

Ikkje klart nok.

Neste møte

Tid: ...

Joakim finn ledig tidspunkt og kaller inn.

Eventuelt

Publisert 21. apr. 2017 13:41 - Sist endret 26. mai 2017 12:08