Fellesmøte med Cerebrum-partnarane, desember 2016

Vi samlar alle Cerebrum-partnarar som ønsker det, for å diskutere felles behov og funksjonalitet. Ta opp ymse tema, still spørsmål, komm med forslag eller berre bli oppdatert. Formålet er bedre samarbeid både mellom USIT og partnarane, og mellom partnarane.

Send inn innspel til agenda!

Tilstades

  • Joakim Hovlandsvåg (USIT, ref)
  • Fredrik Larsen (Cerebrum utvikling)
  • Tobias Langhoff (Cerebrum drift)
  • Dag Løvlie (UiA)
  • Hans Erik Conrad Hansen (UiA)
  • Trond Henry Akerbæk (HiØ)
  • Lars Øimoen (HiØ)
  • Robert Haugan (NMH)
  • Karine Justad (NIH)
  • Willy Jensen (NIH)
  • Simon Oliver Olavus (ØFK)
  • Lars Nesland (UiA)
  • Helge Høynes (UiA)
  • Benjamin Fabian Krause (UiA)
  • Arnfinn Fanghol (UiA)
  • Robert Larsen (UiA)

Sak 1: Nytt sidan sist [informasjon]

USIT informerer om kva som har skjedd i og rundt Cerebrum sidan seminaret, rundt utviklingsarbeid og driftsaktiviteter. Vi oppfordrer til spørsmål undervegs.

Sjå også referat frå forrige fellesmøte, 9. november.

  • UiO integrasjonsarkitektur
    • UiA får meldingar frå Cerebrum i prod til MQ
    • HiØ har bestilt tilgang til CerebrumWS
  • Ny passord-app og passordreglar er planlagt ferdig til jul.
  • Fronter-integrasjon forhåpentlegvis ute av UiO-Cerebrum før årsskiftet. Andre sett på integrasjonen direkte frå FS?
  • Jobber med veikart og årsplan for neste år, sjå tentativ episk sprintplan. Stikkord:
    • IAM for UH-sektoren?
    • Integrasjon med FSWS
    • Meir automatiserte grupper, truleg td. basert på FS-data
    • Integrasjon med digital postkasse
    • Reindyrking av Cerebrum, så DNSinfo flyttast ut
    • Teknisk gjeld: Unicode og DevOps
    • Bedre overvåking og statistikk

Noko frå partnarane?

Spørsmål om eValg-prosjektet, sidan det er satt av fire sprintar til dette. Er relevant for både UiA og HiØ, er interessert i forbedra brukargrensesnitt, og integrasjon for manntal.

UiA: Bytter ut Fronter-integrasjonen etter sommaren 2017, evt. seinare. Er med i prosjekt for nytt LMS-system (uninett-prosjektet). Vil kanskje komme behov for integrasjon med Cerebrum når system vert vald og bestemd korleis det skal integrere.

USIT fekk spørsmål om nye passordreglar. INT ønsker gå over til entropibasert utrekning, og fjerne dei fleste gamle reglane. Er forhåpentlegvis i produksjon (pilot) hos UiO i januar.

Spørsmål om ny passord-app. HiØ er interesserte i å ta denne i bruk. Vert prodsatt på UiO samtidig med nye passordreglar, forhåpentlegvis i januar. Andre kan fritt laste den ned, men er nok lurast å vente til at UiO har fått luka vekk dei verste barnesjukkdomane. Tidlegast sommaren 2017.

Sak 2: Status Cristin-integrasjon [informasjon]

Partnarane tok opp Cristin-integrasjonen i forrige møte som ei ønskeleg fellesbestilling, og ønsker status frå USIT. Status er at det er laga eit overordna løysingsforslag, men det er ikkje blitt tatt opp med Cristin endå. Hans Kristian er informert om at partnane ønsker integrasjon med Cristin.

Venter til etter at Cristin er slått saman med FSAT. USIT vil då sende dei eit dokument med våre behov. Ønsker partnarane lese gjennom på førehand?

Både UiA og HiØ er positive til å få dokumentet sendt over på førehand.

Sak 3: Neste møte

Avtale tidspunkt for neste fellesmøte. Avhenger av kor mykje folk ønsker å ta opp.

Forslaget 7. februar kl 12-14 var greit for alle på møtet. Joakim sender ut innkalling.

Eventuelt

Andre som har innspel? Td. tilbakemeldingar til USIT?

HiØ purrer på sak RT#2260789. Joakim anbefaler å purre i slike saker.

UiA etterspurde om det er normal vaktordning i romjula for Cerebrum. Joakim har ikkje høyrd noko, og skal sjekke med Elisabeth. USIT seier frå om det ikkje er normal vaktordning. (Etter møtet: Tobias er vakt i romjula, ifølge Elisabeth).

Etter møtet

Set av litt tid etter møtet for tekniske og meir snevre tema, for spesielt interesserte.

UiA: RabbitMQ - vidare arbeid

Frå Dag Løvlie: Vi MÅ komme videre med dette nå, eller så må dere stoppe meldingene igjen.
Vil ikke risikere en ny stopp av Cerebrum pga fyll meldingskø.
Savner fortsatt dokumentasjon og henvisning til et «Hello world»-eksempel som vi kan bruke-

Joakim sender hello-world-dømer til UiA, etter å ha sjekka at dei funker.

UiA har visst ikkje tilgang til https://www.usit.uio.no/om/organisasjon/uav/usitint/interndokumentasjon/integrasjon/broker/. Joakim sjekker opp kvifor dei ikkje har tilgang.

Benjamin sender kva feilmelding dei får ved forsøk på tilkobling til RabbitMQ.

UiA etterlyser konkrete dømer med kode som fungerer for lesing av meldingar.

UiA: GUI for førstelinjetjenesten

Frå Dag Løvlie: Førstelinjetjenesten på UiA er i endring. Ansatte fra Biblioteket og Servicetorget skal antagelig gi ut passord og gjøre enkle Cerebrum-ting.

JBofh/pybofh blir antagelig for vanskelig for enkelte å bruke.
Vi tenker oss overbygg/GUI for de enkle tingene basert på:
Cerebrum WS / pybofh

I første omgang trenger vi dokumentasjon.

UiA bestiller tilgang til CerebrumWS for å teste. Joakim advarer om at autorisasjon ikkje er på plass endå, i påvente av at intark-prosjektet har vurdert API manager, og til vi har funne ut korleis det skal støttast for eksterne. Den kan testast ut, men gir breid tilgang! Bør vere trygge på sikkerheten. UiA ønsker å gi tilgang til ein del IP-ranges, for å sikre seg at berre server-netta får tilgang. UiA bestiller i ein e-post.

Ang. dokumentasjon: Conrad sender e-post på kva han ønsker informasjon om. Tek evt. ein diskusjon til neste møte på pybofh.

UiA: Testkøyring av SAP-FS-integrasjon

Denne saka har stått stille i over eit år no! UiA ønsker framgang. Joakim tar den opp i tenestegruppa og svarer i saka, RT#2159711.

HiØ: SAP-FS-integrasjon

HiØ ønsker å opprette fagpersonar i FS automatisk. Var usikker på om det har blitt bestilt, men Joakim kunne ikkje finne noko i oversikten. HiØ sender bestilling på det.

Publisert 10. nov. 2016 20:25 - Sist endret 13. jan. 2023 12:35