Cerebrum statusmøte 2017-04

Tilstades

  • hanskfje (TE)
  • elisabhs
  • tvl
  • fhl
  • jokim (TL, ref)

Referat

Referat frå forrige møte.

Sak 1: Plan for neste semester [diskusjon]

Ønsker lufte litt tankar om kva tenestegruppa bør fokusere på for neste semester.

Punkt frå Joakim:

  • Meir DevOps. Kjem vi lenger?
  • Utskilling av førstelinjesaker mot driftssenteret
  • Vidareutvikling av arbeidsmetodikk
  • Auke fagleg nivå

Diskusjon

DevOps: Fortset arbeidet, men lågare prioritert, og berre med mindre justeringar for å forbedre metodikken. Folk treng litt tid på seg før vi gjer fleire endringar.

Organiseringa vert sett på i parallell av HKF og Elisabeth. DevOps stanger litt i veggen grunna korleis vi er organisert. I tillegg: Utfrå ROS-analysen mangler ein brukaradministrasjonsfunksjon. HKF sender utkast til Elisabeth og Joakim.

Fortsett trenden med BUS, og gjer mindre justeringar for å forbedre metodikken.

Ønskeleg å auge fagleg nivå. Gjerast litt, men mangler på kompetansesida.

Oppfølging

HKF sender e-post til Elisabeth og Joakim.

Joakim sender oppdatert liste med tenestegruppa sine prioriteringar på e-post. Diskuterer vidare der.

Sak 2: API manager [diskusjon]

Cerebrum-partnarane er positive til nye Passordtjenester, men er skeptiske til direktekobling mellom CerebrumWS og webserveren, utan tilgangsbegrensing mellom, som er ein sikkerhetsrisiko. Kan vi løyse det på noko vis, fram til IntArk fase 2 er ferdig?

Nokre alternativ:

  • Vente på IntArk. Ferdig 2018?
  • Cerebrum køyrer eigen, intern API manager
  • Sjå på Dataporten sine muligheter for tilgangskontroll
  • Køyre proxy som gir tilgang til berre det Passordtjenester treng

Diskusjon

Ifølge Tarjei IntArk levere innan september. Vi har då nok tid til å kunne ta i bruk denne for partnarane før neste semesterstart, så vi gjer ikkje noko før oktober.

Oppfølging

Utset punktet til oktober, når API manager er på plass.

Sak 3: Kvalitetskriterier [informasjon]

Tenestegruppa har blitt enige om kvalitetskriterier for Cerebrum, med overordna målsetning: «Cerebrum skal oppleves som noe som bare fungerer, og skal vere usynlig for brukeren.».

  • Høyest mulig oppetid
  • Passord oppdatert innen en time
  • Batch-baserte oppdateringar innan 48 timar
  • Bofhd svarer innan 5 sekund

Er ønskeleg å starte måling på dette. Tenestegruppa bestiller av INT.

Diskusjon

Positiv respons.

Planen for å bruke resultata er ikkje spikra. Ser for seg å ta opp måleresultata opp i tenestegruppemøter for å diskutere kva vi gjer vidare med dei - bestille meir utvikling eller justere på kriteria våre.

Oppfølging

Joakim bestiller utvikling hos INT på vegne av tenestegruppa.

Sak 4: Førstelinja [diskusjon]

CRBD-398 vart det laga oversikt over dei vanlegaste supporthenvendingane. Ønskeleg å sjå på løysingar for dette.

Tek tenestegruppa eller KIA det vidare? Kva kan vi få til?

Diskusjon

Usikkert om dette er ei rein KIA-sak, eller om tenestegruppa skal bidra. Tenestegruppa lir av at drift må bruke tid på support, så er veldig motivert for å få løyst dette.

Oppfølging

Elisabeth ansvarleg for saka, Joakim ansvarleg for å mase på Elisabeth.

Sak 5: BOTT-Cerebrum [diskusjon]

Begynner arbeidet med BOTT-Cerebrum i første sprint etter sommaren. Kor mykje kan bli avsett frå drift og utvikling?

Oppfølging

HKF kaller inn Elisabeth til møtet om BOTT-Cerebrum i morgon. Diskuterer plan for neste sprint der.

Neste møte

Saker til dagsorden til neste møte.

Eventuelt

Frå HKF: Skille ut Passordtjenester som eige produkt.

Publisert 28. juni 2017 08:29 - Sist endret 14. feb. 2023 12:56