Fellesmøte med Cerebrum-partnarane, etter sommarferien

Vi samlar alle Cerebrum-partnarar som ønsker det, for å diskutere felles behov og funksjonalitet. Ta opp ymse tema, still spørsmål, kom med forslag eller berre bli oppdatert. Formålet er bedre samarbeid både mellom USIT og partnarane, og skape eit forum partnarane seg i mellom.

Send inn innspel til agenda!

Tilstades

  • Joakim Hovlandsvåg (USIT, ref)
  • Fredrik Larsen (Cerebrum utvikling)
  • Tobias Langhoff (Cerebrum drift)
  • Dag Løvlie (UiA)
  • Trond Henry Akerbæk (HiØ)
  • Hans Erik Conrad Hansen (UiA)
  • Lars Øimoen (HiØ)
  • Linda Sekkelsten (HiØ)
  • Robert Haugan (NMH)
  • Karine Justad (NIH)
  • Simon Oliver Olavus (ØFK)
  • Willy Jensen (NIH)

Sak 1: Nytt sidan sist [informasjon]

Informasjonsrunde frå USIT og partnarane om kva som har skjedd i og rundt Cerebrum i det siste, rundt utviklingsarbeid og driftsaktiviteter. Vi oppfordrer til spørsmål undervegs.

Sjå også referat frå forrige fellesmøte i juni.

Frå USIT:

  • Status BOTT-Cerebrum - jobbast fortløpande med å flette inn kvarandre sine endringar. Samanslåing utsatt til 2018.
  • API manager skal avklarast i oktober for UiO, så forhåpentlegvis har vi noko for partnarane i løpet av året.
  • eduPersonScopedAff, som etterlyst frå UiA i forrige møte, vert implementert for alle partnarar, forhåpentlegvis i september.
  • eValg utviklast, og tek ressursar frå samme team som Cerebrum.
  • Gamalt, men usikker på om informert om: Giske, HiNesna og HiH vert ikkje lenger drifta hos USIT.
  • Ny Cristin-integrasjon tatt opp, men stillstand enn så lenge.

Diskusjon

HiØ interessert i å vite når ny eValg-løysing vert tilgjengeleg for dei.

Sak 2: FS-oppgradering til UTF-8 [diskusjon]

Oppsummert: Vent med å oppgradere til ny FS-versjon. Cerebrum sin FS-import støtter ikkje UTF-8 endå.

CERES ønsker å oppgradere FS til ny versjon som migrerer databasen til UTF-8. Dette skaper problem for Cerebrum sin FS-import, som bruker SQL. USIT har vurdert arbeidet som for stort til å få plass i 2017. Ideelt sett kunne vi gått over til å bruke FSWS, men den er ikkje klar endå. Usikker på andre løysingar.

Kva er partnarane sine planar?

Diskusjon

HiØ og UiA er i samme FS-database. Det er CERES som bestemmer når dei vert oppgradert.

Oppfølging

Joakim sender e-post til alle Cerebrum-partnarane om saka.

Kvar instans bør informere sine FS-folk om at FS ikkje bør oppgraderast.

Sak 3: Bistand til CerebrumWS? [diskusjon]

HiØ har begynt å sjå på CerebrumWS. Er det noko USIT kan bistå med?

Diskusjon

Trond har fått sett litt på det, men skulle gjerne hatt døme på kodesnuttar for å sett korleis det fungerer.

Oppfølging

Conrad har kodesnuttar i Powershell som han sender til Trond.

Sak 4: Bruk av internasjonale mobilnummer [diskusjon]

UiA ønska å starte utsending av velkomst-SMS til internasjonale mobilnummer, og evt. også til bruk i gløymt-passord-tenesten. UiA ønsker diskutere dette.

UiO si erfaring er at det har gått relativt smertefritt, med unntak av behov for oppdatering av engelske tekstar i SMS og på nettsider. I 2017 har vi sendt ut 23000 SMS, der 2000 av desse har vore utanlandske. 3 mobilnummer har gitt feilmelding frå SMS-gateway.

Diskusjon

HiØ er interessert, så diskuterer saka, men tek den opp att neste gang sidan Dag ikkje var med no.

Merk at begrensinga på kva land Cerebrum sender til, gjeld for all SMS-utsending. Altså påvirker det velkomst-SMS, SMS sendt frå bofh og gløymt-passord-tenesten.

Merk at om ein legg inn både norsk og engelsk tekst i tekstmeldinga vil ei utsending mest sannsynleg bli så lang at den koster 2 SMS.

HiØ spurde om språk kan settast per landkode til mobilnummera. USIT har fått bestilling frå NIH om å endre tekst basert på registrert språkform i FS. Vil ta tid å få utvikla, mest sannsynleg ikkje før 2018.

Oppfølging

HiØ og UiA sender bestilling når dei ønsker starte utsending til alle land. På Cerebrum si side er dette berre ei enkel konfig-endring.

Sak 5: Neste møte [beslutting]

Avtaler tid for neste møte, og evt. tema.

Forslag: 27. september, 12:30-14:30.

Noko folk ønsker ta opp til då?

Diskusjon

Set det tentativt, og så utset vi om det dukker opp noko. Dukker ikkje opp så mange saker om gangen, så har ikkje noko hast.

Oppfølging

Enighet om 27. september. Joakim kaller inn.

Eventuelt

Frå HiØ: Mobilnummer-relatert. Har ei sperre på to dagar frå mobilnummer vert endra i studweb til at dei kan brukast av gløymt-passord-tenesten. Kan denne endrast?

Mobilnummer må hos HiØ i dag hentast frå kontaktregisteret, for dei som har det. Ein kan med andre ord ikkje endre mobilnummeret sitt i Studweb lenger, som gjer sikkerhetsmekanismen unødvendig for dei som er registrert i kontaktregisteret.

Viste seg at HiØ har fått satt opp sperre på 0 dagar i konfig. Heng att frå problemet med studentar som returnerer som HiØ tok opp for nokre år sidan.

HiØ ønsker å skru ned sperra, men sidan den allereie er på 0 dagar er det greit nok.

HiØ sender evt. endringsbestilling på om dei ønsker det annleis.

Jira Portfolio?

Har UiA og HiØ fått sett på veikartet til Cerebrum i Jira Portfolio? Tilbakemeldingar?

Ikkje fått sett på endå. Joakim tek det opp att seinare.

Etter møtet

Set av litt tid etter møtet for tekniske og meir snevre tema, for spesielt interesserte.

Emneord: cerebrumfelles
Publisert 27. juni 2017 14:11 - Sist endret 13. jan. 2023 12:35