Fellesmøte med Cerebrum-partnarane, juni 2017

Vi samlar alle Cerebrum-partnarar som ønsker det, for å diskutere felles behov og funksjonalitet. Ta opp ymse tema, still spørsmål, kom med forslag eller berre bli oppdatert. Formålet er bedre samarbeid både mellom USIT og partnarane, og mellom partnarane.

Send inn innspel til agenda!

Tilstades

  • Joakim Hovlandsvåg (USIT, ref)
  • Fredrik Larsen (Cerebrum utvikling)
  • Tobias Langhoff (Cerebrum drift)
  • Dag Løvlie (UiA)
  • Trond Henry Akerbæk (HiØ)
  • Hans Erik Conrad Hansen (UiA)
  • Lars Øimoen (HiØ)
  • Linda Sekkelsten (HiØ)
  • Robert Haugan (NMH)
  • Karine Justad (NIH)
  • Simon Oliver Olavus (ØFK)

Sak 1: Nytt sidan sist [informasjon]

Informasjonsrunde frå USIT og partnarane om kva som har skjedd i og rundt Cerebrum i det siste, rundt utviklingsarbeid og driftsaktiviteter. Vi oppfordrer til spørsmål undervegs.

Sjå også referat frå forrige fellesmøte i april.

Frå USIT:

  • Frys av Cerebrum fram til samanslåing i BOTT-Cerebrum, 1. oktober 2017.
  • Ny passordteneste, passord.uio.no., gjekk i full prod mandag 15. mai. Ingen begrensing på kva land vi sender SMS til.
  • IAM-arbeidet fortset. Jobber med integrasjonsarkitektur i BOTT-samanheng.
  • Mykje funksjonalitet skjøve til 2018 for å prioritere BOTT-Cerebrum, og nye eValg.

Diskusjon

Utsending av SMS til alle land kan også settast på for gamal løysing. Dette styrast av konfig i SMS-utsendinga frå Cerebrum. Kan bestille endring med ei RT-sak. Merk: SMS til utlandet koster ca. 2 kroner, og det er juridisk trøblete med at enkeltland ikkje har krav til at mobilnummer må vere knytta til ein person. Opp til kvar enkelt institusjon å vurdere.

UiA har leika litt med CerebrumWS frå Powershell.

HiØ: Venter på svar på ein del RT-saker, som dei ønsker fortgang i:

  • RT#2515938 - Saka har stoppa opp, Joakim ser på.
  • RT#2516446 - Saka har stoppa opp, Joakim ser på.
  • RT#2260789 - Joakim høyrer internt om det finnast enklare, billegare løysingar vi kan få opp mens vi venter på FSWS. HiØ vurderer å utvide grace til 90 dagar.

NIH har starta med Office365, og har litt spørsmål rundt integrasjonar. Lars og Conrad var positive til å bli kontakta.

Oppfølging

Joakim ser på RT-sakene til HiØ, og vidarebringer kontaktinfo til NIH.

Sak 2: Nye Passordtjenester [diskusjon]

USIT lanserte nye Passordtjenester, passord.uio.no, etter tilbakemeldingar og sterkt behov for bedre brukaroppleving.

Tenesten bruker nye CerebrumWS. Enn så lenge mangler USIT ein API manager for Cerebrum-partnarane, som betyr at passordtenesten får tilgang til alt i API-et. Webservicen kan ikkje granulere tilgangar.

Er partnarane interesserte i å ta i bruk ny løysing? Når i så fall? Spørsmål? Behov?

Joakim avventer ack frå SMS-drift om å sende til utlandet for Cerebrum-partnarar.

Diskusjon

Svar frå SMS-drift er at alle kan få tilsendt SMS til heile verda. Koster ca. 2 kr.

Både UiA og HiØ ønsker å få det satt opp for testing (pilot som UiO, td. med passord.uia.no), for å vurdere om dei vil ta det i bruk. Litt betenkeligheter rundt manglande API manager, og konsekvensane med endring av passordkrav.

Oppfølging

Partnarane vurderer og bestiller testversjon etter intern diskusjon.

Sak 3: CIM [informasjon]

Cerebrum har støtte for integrasjon med CIM sin WS. Består av ei enkel, hendingsbasert overføring og oppdatering av tilsette (for UiO). Har blitt vurdert å inkludere studentar. Er det noko interesse for dette?

Diskusjon

HiØ har allereie heimesnekra integrasjon for dette, men vurderer noko som er felles og støtta. Vert lågt prioritert.

UiA har ingen beslutting om å bruke CIM, har ei anna løysing.

Oppfølging

HiØ vurderer, og bestiller eventuelt.

Sak 4: CerebrumWS [diskusjon]

UiA hadde litt spørsmål til nye API-et til Cerebrum

  • Hente ut e-post - savner informasjon om hvilken adresse som er primær.
  • Hente ut informasjon om forward adresse (og opprette/endre/fjerne denne).
  • Hente ut post-adresse til personen.
  • Hva er Consents modulen og hva kan vi bruke denne til?
  • Vil gjerne diskutere hvordan vi kan løse sikkerheten på enkel og grei måte.

Diskusjon

Conrad fann ingen e-postadresser som er av typen "forward". Ser ut til å mangle.

UiA ønsker post-adresser, for utsending av passordbrev.

Consents brukast for samtykker, ein gang i framtida.

Generelt mangler CerebrumWS tilgangskontroll. Meininga er at ein API manager skal ta mykje av dette, men webservicen er meir for system-til-system-integrasjon og ikkje silk bofhd er.

Oppfølging

Joakim feilmelder manglande forward-adresser og legg inn bestilling på uthenting av post-adresser.

Sak 5: Neste møte [beslutting]

Avtaler tid for neste møte, og evt. tema.

Diskusjon

Vart einige om tysdag 29. august kl 12:30. Etter semesterstart.

Oppfølging

Joakim kaller inn.

Eventuelt

HiØ ønsker å unngå stopp ved semesterstart ved for store endringar. Dei ønsker difor å heve grensa på for store endringar, i hovudsak på FS- og LDAP-filene. Sender RT-sak om det. Ønsker det truleg likt som UiA.

UiA ønsker å teste RabbitMQ i juli, når Conrad har bedre tid. Conrad ber USIT om å sette på i nokre veker, så han får testa litt.

Lars Nesland ønska å få inn eduPersonScopedAffiliation i LDAP. Canvas treng dette. Dag vidaresender e-post til HiØ og Joakim.

Etter møtet

Set av litt tid etter møtet for tekniske og meir snevre tema, for spesielt interesserte.

Emneord: cerebrumfelles
Publisert 12. mai 2017 11:28 - Sist endret 16. jan. 2023 13:05