Cerebrum ledermøte 2

Tilstades

  • hanskfje (TE)
  • elisabhs
  • tvl
  • fhl
  • jokim (TL, ref)

Referat

Referat frå forrige møte.

Sidan sist:

  • E-postlista cerebrum-ledelse@usit.uio.no er oppretta. Møtedeltakarar er medlem.
  • Loggar på e-post skrudd av! (I alle fall det vi sender til Sentry)
  • Hatt første DevOps-råd. Ikkje ferdigdiskutert, men går i retning mot at outsourcinga av support anbefalast prioritert.
  • Avventer svar frå RT-drift på statistikk. Dei er i dialog med IT-support om nokre skript.
  • Cerebrum-seminar flytta til 25.-26. april
  • Hatt TG-møte om prismodellen
  • Mykje bøggfiksing frå dei nye utviklarane i INT
  • Prøvd noko nytt i fellesmøta: Liste ut alle opne RT-saker - Sjå sak 5 for døme. Tittel er publisert, ikkje innhald.
  • Avventer svar frå juristane på nytt behandlingsgrunnlag.
  • Dialog med UiT-Cerebrum.
  • To nye utviklarar har fått tilbod i INT.

Sak 1: Syntetiske data [diskusjon]

Status:

  1. Bestild Cerebrum-instans for preprod-miljøet - CRBD-520
  2. Hatt kort møte om akseptansetest av ADMS, for å sjå på behovet for syntetiske data. Diskutert med utviklarane, som sendte den over til KIA - CRBD-528

Kva vil vi vidare? Kva er prioriteringa?

Diskusjon

APIM-oppgraderinga vart utsatt, som då også utset dette arbeidet hos KIA. Forhåpentlegvis start om to veker.

Konklusjon

Avventer at KIA utfører, evt estimerer først.

Sak 2: Semesterstart og AD [diskusjon]

UiO, UiA og HiØ får trøbbel med AD-integrasjonen kvar semesterstart. Tatt opp i forrige fellesmøte. Har diskutert to konkrete utfordringar med utviklarane (CRB-2594 og CRB-1765), med relativt enkle fiksar, men som ikkje løyser hovudproblemet - det tek over 10 timar å få overførd alle nye studentbrukarar til AD ved semesterstart.

ADMS er heller ikkje tenkt brukt eksternt - kva muligheter har vi for å løyse utfordringa?

Alternativ som har blitt lufta:

  1. Ny AD-integrasjon - kostbart og ikkje tid?
  2. Optimalisere AD2 - kostbart? vedlikehald av "feil" integrasjon? kor mykje tid kan vi spare?
  3. Gjenbruke tofh - Passer den inn for AD?
  4. Masseoppretting utan feilhandtering, td ved å sende instansen liste over alle nye brukarar. Td. med simpel Powershell eller ADMS.
  5. Spleise på ny, eksternt utvikla integrasjon, som følger UH:IntArk?

Diskusjon

Dette er ein såpass sentral integrasjon for Cerebrum at USIT må ha god kompetanse på integrasjonen - ekstern utvikling er difor lite aktuelt.

Vi har 1500 timar på budsjettet for fellesutvikling i Cerebrum, så har utviklingskapasitet.

Det er oppkoblinga mot AD som er flaskehalsen. Dersom ny integrasjon bruker samme oppkobling er vi like langt.

Institusjonane bør ha rutiner på å få registrert studentar litt før studieprogrammet starter, så vi har litt buffer ved forsinkingar.

Konklusjon

Vi treng å løyse problemet - alternativ 3 eller 5 (ny ad-integrasjon) ser ut som riktig løysing. Vi når uansett ikkje å lage ein ny integrasjon før neste semesterstart, så vi vurderer også alternativ 4 (blind masseoppretting) som ei kortsiktig løysing.

Oppfølging

  • Joakim lager story for ny AD-integrasjon (utan powershell), og diskuterer med utviklarane. Td. gjenbruke tofh.
  • Joakim lager story for kortsiktig løysing (alternativ 4 - blind masseoppretting), og diskuterer med utviklarane, og ser om mulig å få til før neste semesterstart.

Sak 3: Databehandleravtale [diskusjon]

Utkast til mal for databehandleravtale [DOCX] for Cerebrum ønskas vurdert.

Konklusjon

Ser ok ut.

HKF er kontaktperson, mens Lars Oftedal skal stå som ansvarleg.

Oppfølging

Joakim går gjennom ny databehandleravtale på tenestegruppemøte.

Vi sender ut databehandleravtalen på gamlemåten, men Joakim sjekker ut Dagfinn si løysing i Nettskjema for å signere avtala, samt ePhorte si signaturløysing og DIFI sin signaturportal - til neste gang.

Sak 4: Behandlingsgrunnlag [diskusjon]

Cerebrum har fått nytt behandlingsgrunnlag [DOCX]. Er ikkje gjennomgått av juristane endå, så mangler hjemmel og konklusjon.

Tilbakemeldingar?

Konklusjon

Ser ok ut.

Oppfølging

Avventer svar frå juristane.

Sak 5: NMH og overslag [diskusjon]

NMH har bedt om overslag på kva dei må betale for å sette opp hr2fs. Dette er ikkje svard ut, men arbeidet er påbegynt.

  1. Kan NMH få svar? Har vi eit estimat? Kven svarer?
  2. Rutina for saker mellom drift og utvikling: Bør rutina mellom oss bedrast, eller var det svikt i overføringa i akkurat denne saka?
  3. Kva gjer vi meir generelt med slike henvendingar om kostnadsoverslag frå drift? Har vi ei rutine? Er slikt opp til Elisabeth? Tobias?

Diskusjon

NMH har fått svar, men vi ønsker å diskutere intern rutine rundt slikt.

Nådde ikkje diskutere ferdig, så tek i neste møte.

Oppfølging

Utsatt til neste møte.

Sak 6: Standard etableringskostnad [diskusjon]

Nye Passordtjenester blestast ut til partnarane. Burde vi hatt ein standard etableringskostnad for dette?

Ønsker også å diskutere dette generelt, jf. Sak 5 over for NMH: Kunne vi hatt noko standard etableringskostnad for saker generelt? Kunne gjort det enklare å svare ut.

Foreslår å gruppere etableringskostnad etter typen arbeid:

  1. Sette opp enkle filoverføringa som berre skal kopierast over til instansen.
  2. Sette opp integrasjon som krever meir oppsett, til dømes rundt tilgangar. Til dømes mot FS, og andre API.
  3. Sette opp automatikk som krever oppfølging, tørrkøyring, dialog, etc.

Oppfølging

Utsatt til neste møte.

Neste møte

Saker til neste møte:

  • Ny tenesteavtale for Cerebrum - HKF har utkast ute for høyring
  • RT-køer, slå saman og gjere likt med IntArk

Eventuelt

Publisert 16. okt. 2018 20:53 - Sist endret 27. mars 2023 10:38