Cerebrum ledermøte

Årets første ledermøte i tenestegruppa Cerebrum.

Fokus for møtet: Omorganiseringa av ITI, som påvirka Cerebrum drift.

Tilstades

Referat

Referat frå forrige møte.

Sidan sist:

  • Gjennomførd fellesmøte med partnarane i november. Neste er 6. februar. Oppsummert:
    • AD-integrasjonen er framleis sterkt ønskeleg å få gjort noko med. Høyrd om UiT si løysing?
    • UiA har automatisk ansattoppretting, i test. Utfordringa er å få kontroll på HR-registreringane. HiØ også bestild. UiO har heimeområder som utfordring.
  • ITI omorganisert: Cerebrum drift flytta til seksjonen API (tidlegare GAP), med Frank Solem som seksjonsleiar(?). Elisabeth bytta ansvarsområde og ikkje lenger involvert etter januar.
  • Prosjekt UH-IAM går vidare. Beslutting 28. januar.
  • Behandlingsgrunnlag for Cerebrum godkjend av juristane. Nokre punkt:
    • Er innanfor å lagre nødvendige personopplysingar "livet ut", jf. beholde brukarnamnet.
    • Syntetiske data.
  • Hatt møte UiT om UiT-Cerebrum, i Tromsø.

Sak 1: Konsekvenser av omorganiseringa [diskusjon]

Diskusjon på kva endringar vi bør gjere ved omorganiseringa. Elisabeth er bytta ut med Frank.

Forventingar? Umiddelbare ønsker om endringar/justeringar?

Stikkord:

  • Samarbeid om bestillingar, og RT
  • Roller på driftssida
  • Forvaltingskasteballen

Diskusjon

Nytt for Frank endå, må gå seg til. Ønsker å vite om utfordringar. IntArk har hatt meir fokus til no. Cerebrum drift bytter kontor, for å samlokalisere GAP, og starter med ukentleg driftsmøte.

Ser for seg å bruke Cerebrum-leiarmøta for dei større linjene.

Konklusjon

Business as usual, enn så lenge. Fortset med Cerebrum-leiarmøte kvar tredje veke.

Sak 2: Cerebrum-seminar [diskusjon]

Neste Cerebrum-seminar avholdast i april. Skal vi iverksette?

Diskusjon

Tema:

  • Prosjekt UH-IAM, men bør ikkje overskygge alt
  • UiT-migrasjonen

Konklusjon

Start planlegginga.

Oppfølging

Joakim følger opp.

Sak 3: RT-køer [diskusjon]

Foreslår å omorganisere RT-køene til Cerebrum drift slik som for IntArk?

  • Ei kø for Cerebrum (slår saman cerebrum-kontakt, cerebrum-drift, cerebrum-bestilling, cerebrum-bestillinger-drift og cerebrum-bestillinger-utvikling)
  • Beheld alias som i dag (td. cerebrum-kontakt@usit.uio.no)
  • Legg inn customfield kalla «Type (CF)», og set til:
    • <blank> (default) - tilsvarer cerebrum-kontakt
    • Drift - saker for Cerebrum drift
    • Utvikling - saker for Cerebrum utvikling
    • Bestilling - bestillingssaker som må innom Hans Kristian og Frank

Diskusjon

Virker som grei struktur. Hans Kristian og Frank må finne ut av prioriteringa av bestillingar, på sikt.

Oppfølging

Forslag: Joakim justerer utfrå tilbakemeldingar på møtet, og får RT-drift til å fikse. Oppdaterer Dashboards for INT og Cerebrum drift.

Joakim informerer Houston, og Jon Arne.

Sak 5: NMH og overslag [diskusjon]

Diskusjon av denne saka starta i forrige leiarmøte, men nådde ikkje konkludere. Tek den vidare for generell diskusjon.

NMH ba om overslag på kva dei må betale for å sette opp HR2FS. Dette vart svard ut etter at arbeidet var påbegynt.

  1. Rutina for saker mellom drift og utvikling: Bør rutina mellom oss bedrast, eller var det svikt i overføringa i akkurat denne saka?
  2. Kva gjer vi meir generelt med slike henvendingar om kostnadsoverslag frå drift? Har vi ei rutine? Er slikt opp til Frank no? Tobias?

Diskusjon

Ingen konklusjon, sidan Frank er fersk i dette.

Neste møte

Saker til neste møte:

  • N/A

Eventuelt

Publisert 22. jan. 2019 09:41 - Sist endret 27. mars 2023 09:03