Cerebrum ledermøte

Årets andre ledermøte i tenestegruppa Cerebrum.

Fokus for møtet: UiT-migrasjonen.

Tilstades

Referat

Referat frå forrige møte.

Sidan sist:

  • Omorganisering i RT bestild, men ressursutfordringar.
  • Fellesmøte med partnarane 6. februar. UH-IAM fekk stort fokus.
  • INT har brancha ut i tre teams, der eitt har fokus på Cerebrum, med Fredrik i spissen. Dei andre to har fokus på eValg3 og Kalenderdata.

Sak 1: UiT-migrasjon [diskusjon]

Skal ha/har hatt møte med UiT om å starte arbeidet med UiT-migrasjonen frå 1. mars. INT har splitta ut eit team for dette, og Tobias tek drift sine oppgåver, fram til 15. mai.

Kva trengs for å komme i mål med migrasjonen? Er noko uklart/uavklart?

Nokre punkt:

  • Involvere Tobias i Cerebrum-teamet fram til driftsarbeidet er på plass?
  • Kva gjer drift med si involvering etter 15. mai?
  • Korleis handterer vi sommarferien? Kva vaktopplegg har drift?

Diskusjon

Litt diskusjon om å inkludere ansible-arbeid.

Drift må komme tilbake med detaljar for etter 15. mai.

Begrensa bemanning i sommarferien. Truleg viktigare med god bemanning i august, når studentane kjem.

Oppfølging

Joakim involverer Tobias i sprintane til Cerebrum-teamet framover.

Sak 2: ROS av Cerebrum [diskusjon]

ROS av Cerebrum gjennomførd, med nokre anbefalingar (e-post). Eitt kritisk element, med to anbefalingar. Er vi einige om punkta? Noko folk ønsker ta opp derfrå?

Held også på med ROS av WebID, men er ikkje fullførd endå.

Kan ROS slik den er no sendast til Cerebrum-partnarane?

Diskusjon

Anbefalingane såg greie ut.

Diskuterte å sende til Cerebrum-partnarane: ROS-dokument er i utgangspunktet "unntatt offentligheten", så er meir ein sørvis å dele med Cerebrum-partnarane som ønsker det. Viktig at det ikkje delast vidare. Må også filtrere ut virksomhetskritisk og det som gjeld enkeltpersonar.

Oppfølging

Joakim høyrer med HKF etter 1. mars for kva som sendast til partnarane som ønsker det.

Sak 3: Saksbehandlinga [diskusjon]

Ønska tatt opp av HKF i e-post 4. februar. Kva gjer vi med saksbehandlinga, så den er forutsigbar?

Diskusjon

Vi er i utgangspunktet einige om svarfristar. Saker skal ikkje bli liggande.

Oppfølging

Drift følger opp saksbehandlinga i sine ukentlege møter.

Sak 4: Nedetid i Cerebrum lørdag 2. februar [diskusjon]

Feil fiksa, avviksrapport og rapport til partnarane generert. Tiltak som skal arbeidast med:

  • Det skal vurderes hvilke automatiske varsler Cerebrum-drift kan sette opp for å oppdage at noe lignende skjer igjen.
  • Cerebrum-drift og -utvikling reviderer prodsettingsrutinene (drift si rutine) så det er tydeligere hvordan en endring må testes før den settes i produksjon.
  • Loggingen må forbedres, så den inneholder relevant informasjon, og med riktig loggnivå.
  • Partnarane ønsker også svar på: Kva er kontaktpunkta utanom arbeidstid?

Kva gjer vi med punkta?

Diskusjon

Kven skal ha prodsettingstilgang av utviklarane? I utgangspunktet etter prøvetida, ikkje avdelingsingeniørar, og treng opplæring først. Går også på skjønn. Konklusjon: Det er opp til linjeleiar, HKF, som tek det i diskusjon med Fredrik og Tobias.

Prodsettingsrutina: Delt ansvar mellom drift og utvikling - drift har ansvar for det tekniske, INT ansvar for det rundt, sidan dei veit kva som vert prodsatt. Passer difor å legge revideringa til tenestegruppa.

Logginga er forbedra, men kan vere greit å sjå til at vi har brukarhistorier for logginga av resten av Cerebrum.

Oppfølging

Joakim tek ansvar for at prodsettingsrutina vert revidert. Involverer Fredrik og Tobias. Vurderer brukarhistoriar.

Joakim ser til at det finnast stories for dei andre tiltaka, så dei følgast opp.

Joakim svarer partnarane i neste fellesmøte om kontaktpunkt: cerebrum-kontakt@usit.uio.no. Meir oppfølging gir ekstrakostnad.

Sak 5: UiT-Cerebrum og AD [diskusjon]

UiT har sin eigen AD-integrasjon som er filbasert. Sjå driftsdokumentasjon frå UiT. Kunne vi brukt denne for å handtere ein treig semesterstart?

Diskusjon

Ønsker sjå på kodekvaliteten for Cerebrum-eksporten før konklusjon.

Oppfølging

Joakim tek med vidare.

Neste møte

Saker til neste møte:

  • N/A

Eventuelt

Publisert 25. feb. 2019 13:13 - Sist endret 16. jan. 2023 13:05